Opna hovudmenyen
Molukkane markerte med lysegrønt, Indonesia med grønt

Molukkane (tidlegare kjend som Krydderøyane, indonesisk Maluku) er ei øygruppe på kring 1000 øyar som ligg aust i Indonesia, mellom Sulawesi, Timor og Ny-Guinea. Øyane har eit totalareal på 74 500 km² og 2,1 millionar innbyggjarar (2004).

Kart over Molukkane
Fiskarar på Molukkane på første halvdel av 1900-talet.

Store delar av øygruppa høyrer inn i den indonesiske provinsen Molukkane, som har provinshovudstad på Ambon. Den mindre provinsen Nord-Molukkane har hovudstad på Ternate. Andre viktige øyar i øygruppa er Halmahera, Seram og Buru.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Molukkane