Malyj Semiatsjik
Malyj Semiatsjik (russisk Малый Семячик) er ein vulkan som ligg aust på Kamtsjatkahalvøya i Russland. Han består av ein stratovulkan i ein 10 km brei kaldera, som igjen ligg i ein 15-20 km brei kaldera kalla Stena Soboloiny frå midten av pleistocen. Tre overlappande stratovulkanar har oppstått langs ei linje som går frå nordaust til sørvest. Den yngste kjegla, Seno-Semiatsjik, ligg i sørvest. Ein varm, syrete kratersjø fyller det historisk aktive Troitskijkrateret, som oppstod i form av store eksplosive utbrot for om lag 400 år sidan.
Malyj Semiatsjik | |||
fjell | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Område | Kamtsjatka | ||
Fjelltype | Stratovulkan i ein kaldera | ||
Høgd | 1 560 moh. | ||
Siste utbrot | 1952 | ||
Koordinatar | 54°08′N 159°40′E / 54.13°N 159.67°E | ||
Malyj Semiatsjik 54°08′00″N 159°40′00″E / 54.133333333333°N 159.66666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Maly Semiachik |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Maly Semiachik» frå Wikipedia på engelsk, den 21. september 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.