Manøverkrigføring

Manøverkrigføring er motstykket til utmattingskrig. Medan utmattingskrig vert kjempa for å øydelegge fiendens ressursgrunnlag for å fortsette krigen, er manøverkrigføring meint å øydelegge fienden sin vilje til å fortsette krigen. Det er vanskeleg å måle denne viljen hjå fienden medan krigen går føre seg, men resultatet kan ein sjå ved fleire høve. Eit døme er operasjonen Desert Storm, der mange irakiske krigarar vart drepne, men etter krigen var den militære styrken til Irak stort sett intakt.[1] Den som praktiserer manøverkrig vil i alle høve freista unngå direkte stridshandlingar i front, men i staden freista gå rundt fienden sine støttepunkt, infiltrere fiendens bakre område, der forsyningslinjene og støttefunsjonane finst, og å øydelegge desse. Det beste er likevel å øydelegge eller isolere hovudkvarteret til fienden, slik at frontlinja til fienden vil mangle situasjonsforståing, leiing og koordinering. Når denne frontlinja innser denne situasjonen, vil viljen til å fortsette krigen minska, for til slutt å forsvinne heilt.

Referansar

endre
  1. http://www.military-sf.com/typesofwar.htm