Managua
Managua er hovudstaden i Nicaragua og ligg ved sørbreidda av Managuasjøen. Byen hadde i 2001 eit innbyggjartal på 930 000 og er eit handelssentrum for ein region med mykje jordbruk. Her finst òg bomulls- tobakks-, sement- og kjemisk industri. I tillegg har byen fleire universitet, der det eldste er frå 1812, og ei internasjonal lufthamn.
Managua | ||
---|---|---|
| ||
Styresmakter | ||
Land | Nicaragua | |
Geografi | ||
Flatevidd | 267,2 km² | |
Innbyggjarar - By (2005) |
937 489 | |
Koordinatar | 12°8′11″N 86°15′5″W / 12.13639°N 86.25139°W | |
Høgd over havet | 83 m | |
Tidssone | UTC-06:00 (UTC) | |
Diverse anna | ||
Heimeside: http://www.managua.gob.ni | ||
Plassering | ||
Managua var opphavleg ein indiansk by, og vart hovudstad i 1857. Byen har vorte øydelagd fleire gonger av bybrannar og jordskjelv; sist i 1972 då eit jordskjelv øydelagde heile bykjernen og tok livet av fleire tusen menneske. I borgarkrigen frå 1978-79 var det harde kampar i byen.
Kjelder
endre- «Managua» av redaksjonen i Store norske leksikon, snl.no.