Mandarinspråk
- Sjå og mandarin (fleirtyding)
Mandarin er ei gruppe kinesiske dialektar tala i større delar av nordre og sørvestre Kina. Omgrepet byggjer på embetsmannsspråket brukt som standardspråk av kinesiske embetsmenn (kjend som «mandarinar» i Vesten) frå ulike geografiske område.
Mandarin 官話/官话 guānhuà | ||
Klassifisering | Sino-tibetanske språk Sinittisk | |
Bruk | ||
Mandarintalande i alt | 955 millionar (2010)[1] | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | cmn | |
Med mandarin meiner ein vanlegvis standardkinesisk bruka i daglegtale, som byggjer på Beijing-målet.[2] Den lingvistiske definisjonen av mandarin inkluderer derimot eit stort tal nordkinesiske dialektar som seg imellom ofte er uforståelege. Denne definisjonen blir sjeldan brukt av innfødde talarar for å beskrive språkidentiteten sin, og enkelttalarar er ikkje alltid klar over den mykje breiare lingvistiske definisjonen. I staden brukar dei namnet på den dialekten dei sjølv reknar å ha tilhøyrsel til, til dømes sichuandialekten eller nordaustkinesisk. Det finst ikkje noko felles identitet som foreiner samtlege talarar av mandarindialektar, sjølv om kjensla av regional identitet ofte er svært sterk.
Kjelder
endre- ↑ Nationalencyklopedin «Världens 100 största språk 2010»
- ↑ Mandarin: dialekt (2012, 13. mars), Store norske leksikon. Henta 6. oktober 2013.