Mandelmusslor (eller mandelformar) er ovale eller runde småkaker som blir baka i små rifla formar av metall. Dei minner om ein musling (svensk mussla) i forma. Tradisjonelt har ein bær eller syltetøy og piska krem i mandelmusslor. Dei kan etast heile året, men er etterkvart blitt særleg knytt til juletida.

To mandelmusslor utan fyll.

Mandelmusslor blir laga av mandelmasse, sukker, smør, mjøl og egg og bakte i omn.

Kjelder

endre