Mannen som elsket Yngve

Mannen som elsket Yngve er ein roman av Tore Renberg. Boka vart fyrste gong utgjeven i 2003Oktober forlag og er også omsett til fleire språk. Filmen med same namn, som er basert på romanen, hadde premiere på norske kinoar 15. februar 2008.

Handling endre

Romanen handlar om eit stort dilemma for hovudpersonen i boka – ein tenåring som går i andreklassen på vidaregåande skule i Stavanger.

Saman med kompisen Helge og kjærasten Katrine utgjer Jarle Klepp den tøffaste gjengen på skulen. Dei forfektar kompromisslause standpunkt til dei basale spørsmåla i livet: verdsordninga, musikken, hårsveisen og kven som held mål og kven som ikkje gjer det.

Den til då høgst heterofile Jarle forelskar seg i Yngve. Yngve er ein innflyttar som spelar tennis og som ligg lysår bak gjengen når det gjeld innsikt i dei store spørsmåla i livet. Jarle må vere ærleg mot seg sjølv og kjenslene sine og kjem dermed inn i eit nett av løgner overfor den gamle gjengen. Rollespelet går over styr og Jarle går brutalt på trynet.

Bakgrunnsstoff endre