Manuel Azaña
Manuel Azaña y Díaz (10. januar 1880–3. november 1940) var ein spansk politikar og forfattar. Han var statsminister 1931–1933 og 1936, i tillegg var han president 1936–1939 i den andre republikken, før og under den spanske borgarkrigen.
Manuel Azaña | |||
| |||
Fødd | 10. januar 1880 Alcalá de Henares | ||
---|---|---|---|
Død | 3. november 1940 (60 år) | ||
Statsborgar av | Spania | ||
Yrke | politikar, advokat, skribent | ||
Utdanna ved | Universidad de Zaragoza Universidad Central Real Centro Universitario María Cristina de El Escorial Instituto Cardenal Cisneros | ||
Far | Esteban Azaña | ||
Ektefelle | Dolores Rivas Cherif | ||
Alle verv |
|
Azaña var venstrerepublikanar og steil motstandar av diktatoren Primo de Rivera og frå 1936 av oppreisten til generalen Francisco Franco. Etter revolusjonen i 1931 var han forsvarsminister i den republikanske samlingsregjeringa. Frå oktober 1931 var han statsminister som leiar av det største av dei republikanske venstrepartia. Hausten 1933 gjekk han av. Året etter var han kortvarig arrestert då sosialistar prøvde ta makta i landet. I mars 1936 på ny statsminister i spissen for det som vart kalla folkefronten. To månader seinare innsett som president for den spanske republikken. Han lukkast ikkje stagge Franco-oppreisten mot regjeringa. Etter nederlaget i borgarkrigen flykta han i 1939 til Frankrike, der han døydde året etter.
Kjelder
endre- «Manuel Azaña y Diaz» i Store norske leksikon, snl.no.