Manuel Isidoro Belzu

boliviansk politikar

Manuel Isidoro Belzu Humerez (14. april 180823. mars 1865) var president av Bolivia frå 1848 til 1855. Han blei drepen etter eit forsøk på å ta makta att i 1865.

Manuel Isidoro Belzu

Statsborgarskap Bolivia
Fødd 4. april 1808
La Paz
Død

23. mars 1865 (56 år)
La Paz

Yrke politikar, diplomat
Språk spansk
Verv President av Bolivia
(mellombels)
Periode 1848
Føregangar Eusebio Guilarte
Etterfylgjar José Miguel de Velasco
Verv President av Bolivia
(provisorisk)
Periode 1848–1855
Føregangar José Miguel de Velasco
Etterfylgjar Jorge Córdova
Ektefelle Juana Manuela Gorriti

Bakgrunn endre

Belzu var fødd i La Paz i Bolivia. Han var av mestizo-ætt, og blei utdanna av fransiskanarar. Som ung blei han med i dei søramerikanske sjølvstendekrigane, og kjempa under Andrés de Santa Cruz ved Zepita (1823) då han var 17. Etter å ha vore adjutant for Agustín Gamarra forlét han den peruvianske hæren då denne gjekk inn i Bolivia i 1828.

Som garnisonssjef i Tarija i Bolivia inngjekk Belzu eit fordelaktig ekteskap med Juana Manuela Gorriti, ei vakker og intellektuell argentinsk dame som budde der med familien sin.

Karriere i hæren og politikken endre

Belzu kjempa i slaga til Peru-Bolivia-konføderasjonen, og blei utnemnd til hærsjef av president José Ballivián. Han hadde vist mot under han i slaget vedIngavi (1841).

Medan han opphavleg hadde vore ein nær ven og støttespelar for Ballivián, vende Belzu seg mot presidenten rundt 1845. Ifølgje rykta skal Ballivián ha prøvd å forføra kona til Belzu. Belzu overraska presidenten, skaut mot han og bomma så vidt. Både personlege og politiske grunnar kan ha spelt ei rolle i rifta mellom dei. I alle høve flykta Belzu til landsbygda for ikkje å bli arrestert for drapsforsøket på presidenten, og byrja prøva å kasta «helten frå Ingavi» frå presidentrolla.

Som rømling på landsbygda hadde Belzu sett dei dårlege kåra dei fleste folka levde i, stort sett utan forbetringar frå styresmaktene. I kampanjen for å bli ny president la an ein populistisk tone der han omfamna sitt eige mestizo-opphav og tordna mot makta til det europeisk-ætta oligarkiet. Han lova å kjempa for fattige og innfødde om han skulle få makta. Han fekk brei støtte frå bøndene, som kalla han Tata ('far' eller 'vernar') Belzu.

Ein tidlegare president, general José Miguel de Velasco, leia ei anna gruppe som kjempa mot Ballivián. Som krigsherre hadde han ein hær han leia i konkurranse mot Belzu om å styrta presidenten. Ballivián fann det umogleg å styra landet, og flykta i eksil i desember 1847. Han overlét makta til sin nestkommanderande, general Eusebio Guilarte.

No inngjekk Belzu og Velasco ein avtale der Belzu skulle støtta Velasco som president medan Belzu skulle bli krigsminister. Belzu gjekk raskt tilbake på avtalen og blei erklært president av troppane sine. Han slo ned eit blodig kuppforsøk leia av Velasco, og hadde i løpet av eit år slått ned opposisjonen, både den som støtta Ballivián og den som støtta Velasco. Han blei dermed de facto president av Bolivia.

Som lova førte Belzu ein populistisk politikk, men han ville også ha eit sterkt grep om makta. Mange av reformene hans var reint kosmetiske, sjølv om dei politiske utsegnene hans var meir liberal enn dei til nokon annan president sidan Sucre. Belzu nytta populariteten sin til å legitimera styret sitt ved å bli folkevald. Han måtte likevel stadig kjempa mot opposisjon og opprør frå Ballivián sine støttespelarar, frå andre ambisiøse militærleiarar, og seinare frå støttespelarar for José María Linares som danna ein samla front mot militærstyre (caudillisme). Belzu innførte ein protektsjonistisk økonomisk politikk som isolerte Bolivia internasjonalt og som Storbritannia og USA var imot.

I september 1850 overlevde Belzu eit attentatforsøk utført av Agustin Morales, ein offiser som seinare skulle bli president i landet. I løpet av 1850-åra gav presidenten opp skinnet av demokratiske normer, og regjerte som ein despot. I 1855, etter sju år ved makta, bestemte han seg for å trekka seg tilbake. Han heldt då val der han støtta kandidaturet til den lojale svigersonen sin, general Jorge Córdova. Córdova blei vald til fordel for José María Linares (moglegvis med ein del offisielt valfusk), og regjerte Bolivia i to år som marionett for den mektige tidlegare presidenten. I denne perioden var Belzu boliviansk ambassadør i Europa.

Siste åra endre

Córdova blei kasta frå makta ved eit kupp i 1857. I 1862 blei han drepen etter å ha blitt teken i å leggja planar mot president José María de Achá. Dette fekk Belzu til å koma tilbake til Bolivia, trass alderen sin. Han danna ein hær for å forsøka å ta tilbake presidentskapet og hemna svigersonen. Belzu kom nær målet i 1864, då Achá flykta frå Bolivia. Ein annan general, Mariano Melgarejo, kom fram til presidentpalasset i La Paz før styrkane til Belzu. Belzu prøvde å kringsetja byen, men Melgarejo, som også var mestizo, var like populær som han.

Med skinn av å villa unngå eit blodbad sende Melgarejo eit sendebod til Belzu og inviterte han til presidentpalasset, der dei kunne inngå ein avtale om å dela makta. Belzu stolte på Melgarejo, og drog til palasset. Der blei han drepen, forventeleg av den nye diktatoren eller folka hans. Drapet førte til stor oppstand blant innfødde og mestizoar.

Kjelder endre