Sucre er den offisielle og historiske hovudstaden i Bolivia og sete for høgsterett, men ikkje den lovgjevande makta i landet. Byen har om lag 204 000 innbyggjarar (2003) og ligg 2 800 m.o.h.

Sucre
Bygate.
Bygate.
Bygate.
Byvåpenet til Sucre
Styresmakter
Land Bolivia
Grunnlagd 1538
Borgarmeister Hugo Loayza
Geografi
Flatevidd 1 768 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)

225,000
Koordinatar 19°2′2″S 65°15′45″W / 19.03389°S 65.26250°W / -19.03389; -65.26250
Høgd over havet 2750 m
Tidssone UTC -4 (UTC4)
Diverse anna
Heimeside: https://sucre.bo/
Nettstad: www.sucre.gob.bo
Plassering
Plassering av Sucre
Plassering av Sucre

Historie endre

Sucre blei grunnlagd 30. november 1538 som Ciudad de la Plata de la Nueva Toledo av Pedro de Anzures. Byen blei kjend som La Plata, men blei omdøypt i 1839 til ære for revolusjonsleiaren Antonio José de Sucre. Historisk har han òg vore kjend som Charcas og Chuquisaca, noko som har gjeve han tilnamnet "la Ciudad de Cuatro Nombres", 'firenamnsbyen'. På grunn av dei mange kvitkalka husa i sentrum er han òg omtala som "la ciudad blanca", 'den kvite byen'.

Etter den økonomiske nedgangen i Potosí blei Sucre for avsidesliggjande til å vera hovudstad i Bolivia. I 1898 flytta styresmaktene til La Paz, som blei reell hovudstad i landet.

Kultur endre

Arkitekturen i Sucre er prega av den spanske kolonitida. Dei smale vegane i eit nettverk i bykjernen og dei mange praktfulle husa, kyrkjene og klostera i byen ber minne om den andalusiske kulturen som forma han. Sucre er fortsatt hovudbyen for den katolske kyrkja i Bolivia, og medlemmer av religiøse ordenar i tradisjonelle drakter er vanlege å sjå i gata.

Sucre blei peikt ut som ein del av verdsarven av UNESCO i 1991.

 
Utsyn over Sucre.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sucre

Kjelder endre