Manuel Zelaya
José Manuel Zelaya Rosales (fødd 20. september 1952) var presidenten i Honduras frå januar 2006 til han blei avsett ved eit statskupp i juni 2009.
Manuel Zelaya | |||
| |||
Fødd | 20. september 1952 (72 år) Catacamas | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Honduras | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Instituto Salesiano San Miguel | ||
Ektefelle | Xiomara Castro | ||
Barn | Xiomara Zelaya | ||
Alle verv |
Zelaya blei fødd i Olancho-provinsen. Han gjekk inn i Honduras' liberale parti (Partido Liberal de Honduras, PLH) i 1970. Den 27. november 2005 vann han presidentvalet med 49,9 % av røystene og blei innsett som den femte presidenten til partiet den 27. januar året etter. PLH blei det største partiet i den honduranske nasjonalforsamlinga, nasjonalkongressen, men hadde ikkje fleirtal der.
I juni 2009 oppstod ei politisk krise i Honduras då Zelaya mot stor motstand ønskte å halda eit folkeval om ei grunnlovsendring som ville gjera det mogleg for han å bli gjenvald. Den 28. juni 2009 blei Zelaya avsett av hæren etter ordre frå høgsteretten i landet, og send til nøytrale Costa Rica. Same dagen vedtok nasjonalkongressen å avsette Zelaya. Leiaren for nasjonalkongressen, Roberto Micheletti, også frå PLH, blei sett inn i staden.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Manuel Zelaya» frå Wikipedia på engelsk, den 28. juni 2009.
- «Honduras Tense After Army Coup» i Wall Street Journal, 28. juni 2009
- «Honduran Congress names replacement for president» i Guardian, 28. juni 2009
- «Honduras supreme court 'ordered army coup'» i Telegraph, 28. juni 2009
Føregangar Ricardo Maduro |
President i Honduras 2006 |
Etterfylgjar |