Maoz Haim (hebraisk מָעוֹז חַיִּים, tyder Haim-festninga) er ein kibbutz i Israel. Han vart grunnlagd i 1937 av emigrantar frå Polen og Tyskland like ved Jordanelva i Beit She'andalen og høyrer til Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune. Han er kalla opp etter Haim Shturman, eit medlem i Hagana, som vart drepen der i 1938.

Maoz Haim
kibbutz
Land  Israel
Region Nedre Galilea
Distrikt Nord distrikt
Kommune Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune
Koordinatar 32°29′34.94″N 35°33′2.31″E
Folketal 461 (2015)
Grunnlagd 1937
 - Grunnlagd av Immigrantar frå Tyskland og Polen
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Maoz Haim
32°29′35″ N 35°33′2″ E
Wikimedia Commons: Maoz Haim
Nettstad: www.maoz.org.il

Det bur i dag nokre hundre innbyggjarar innbyggjarar i kibbutzen. Utanom jordbruk har kibbutzen ein plastikkfabrikk, «Poliraz».

Zakum naturreservat endre

Sør for kibbutzen ligg eit lite naturreservat med Balanites aegyptiaca-tre, kalla Hurshat Zakum-reservatet. Det vart oppretta i 1968.[1] Dette er truleg det nordlegaste området i verda med slike tre.[2]

Kjelder endre

  1. «Liste over nasjonalparkar og naturreservat» (PDF) (på hebraisk). Israel natur- og parktilsyn. Arkivert frå originalen (PDF) 7. oktober 2009. Henta 7. oktober 2010. 
  2. «Zakum (Maoz Haim) naturreservat» (på hebraisk). iNature.info. Henta 7. oktober 2010. 

Bakgrunnsstoff endre