Marescot Ridge
Marescot Ridge er ein rygg som består av fleire isdekte åsar, den høgaste Crown Peak (1185 moh) ved sørenden av ryggen. Han ligg 2 nautiske mil (3,7 km) innover frå Marescot Point langs nordvestkysten av Trinityhalvøya. Denne ryggen vart truleg observert av kaptein Jules Dumont d'Urville den 27. februar 1838, då han namngav nærliggande «Cap Marescot» (no Marescot Point). Etter landmålinga si i 1946 gav Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) namnet Marescot Ridge til denne ryggen.
Marescot Ridge | |||
rygg | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | 63°32′S 58°32′W / 63.533°S 58.533°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Marescot Ridge 63°32′00″S 58°32′00″W / 63.5333°S 58.5333°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Marescot Ridge» (innhald frå Geographic Names Information System).