Margaret Archer (20. januar 194321. mai 2023) var ein britisk sosiolog som var professor i sosiologi ved universitetet i Warwick i ei årrekkje.

Margaret Archer

Fødd20. januar 1943
Grenoside
Død21. mai 2023
NasjonalitetStorbritannia
Områdesosiologi
Yrkesosiolog, universitetslærar
InstitusjonarUniversity of Warwick
École polytechnique fédérale de Lausanne
University of Cambridge
London School of Economics
Det pavelige akademi for samfunnsvitenskap
Institute for Culture and Society (University of Navarra)
Alma materLondon School of Economics
Universitetet i Paris
University of London
MedlemDet pavelige akademi for samfunnsvitenskap
Academia Europaea

Archer tok sin fyrste grad i sosiologi ved London School of Economics i 1964. I 1967 tok ho Ph.D. same stad med ei avhandling om utdanningsønskja blant engelske foreldre frå arbeidarklassen. Seinare var ho ved Sorbonne i Paris, der ho arbeidde med Pierre Bourdieu.[1]

Ho var førelesar ved University of Reading frå 1966 til 1973, var Reader ved universitetet i Warwick 1973-79 og blei professor der i 1979.[1]

Archer gjorde seg kjend i debatten kring kritisk realisme og skapte omgrepet analytisk dualisme. Archer gav blant anna ut boka Making our way through the world: human reflexivity and social mobility (2007).

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Margaret Archer (1943-2023) - Everyday Society», The British Sociological Association (på engelsk), 22. mai 2023, henta 1. juni 2023