Margrethe Geelmuyden

Margrethe Geelmuyden (fødd 6. oktober 1961 som Margrethe Lund-Johansen) er ein norsk barnebokforfattar, frilansjournalist og miljø- og grøntaktivist. Ho har skrive for D2, DN, Aftenposten og Morgenbladet. Ho er særleg kjend som leiar for Aksjon Vern Husebyskogen[1] og Nettverk for vern av grønne lunger.

Margrethe Geelmuyden
Fødenamn Margrethe Lund-Johansen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. oktober 1961 (62 år)
Yrke skribent
Politisk parti Venstre

Geelmuyden er oppvaksen i Bergen, har ein cand.mag. i tysk, spansk og japansk frå Universitetet i Oslo, og ein MBA frå Handelshøgskolen BI. Ho har studert japansk språk ved Sophia University i Tokyo.

Geelmuyden har vore seniorrådgjevar i strategisk kommunikasjon og fagansvarleg i Geelmuyden.Kiese.

Ho skriv ofte om natur og hagar, blant anna som hagespaltist i D2. I 2009 gav ho ut ei bok om iberiaskogsniglen som eit stadig større problem i Noreg, og tiltak mot denne sniglen. Våren 2010 kom ho ut med barneboken Maneten Medusa.[2] Ho har vore nestleiar i styret i Oslo og omland friluftsråd og styreleiar for Smestad skolekor, og har sete i styret i Eikholt kompetansesenter for døvblinde.

Publikasjonar endre

  • Den store sneglekrigen, Aschehoug, 2009
  • Maneten Medusa, Aschehoug, 2010

Kjelder endre

  1. 30. mars 2008: Ildsjelen - Kjemper for grønne lunger
  2. Maneten Medusa på Aschehoug.no, arkivert frå originalen 5. august 2010, henta 16. november 2021