Marián Masný (fødd 13. august 1950) er ein slovakisk tidlegare fotballspelar frå Rybany, som vart europameister 1976 med Tsjekkoslovakia. Han spelte 75 landskampar og skåra 18 mål i tida 1974-82. Nasjonalt var han med å vinne ni pokalar, både tsjekkoslovakiske og slovakiske, med Slovan Bratislava.

Marián Masný
Statsborgarskap Tsjekkoslovakia
Fødd 13. august 1950 (73 år)
Rybany, Chynorany
Yrke fotballspelar

Aktiv endre

Masný spelte i tenåra på eit lokalt lag. Frå 1969 til -71 var han knytt til i Dukla Banska Bystrica, samstundes som han gjorde militærteneste. I 1971 fekk han plass i stallen til topplaget Slovan Bratislava og spelte på Slovan i elleve sesongar. Med laget frå den seinare slovakiske hovudstaden vann han fire tsjekkoslovakiske meistertitlar og fem slovakiske cupmeisterskap. Våren 1974 var eit høgdepunkt med triumfar i både den tsjekkoslovakiske serien, der slovakiske cupen og i cupfinalen mot den tsjekkiske cupvinnaren. Sesongen 1984/85 spelte han for Petržalka, ein mindre byrival til Slovan.

Masný debuterte på det tsjekkoslovakiske landslaget i september 1974, og fekk omgåande fast plass på laget. Då Tsjekkoslovakia sigra over Vest-Tyskland i finalen under fotball-EM 1976 etter straffeskyting, var Masný fyrst ut av dei fem tsjekkoslovakiske eksekutørane, som alle saman skåra. Masný deltok i alle fire kampane då Tsjekkoslovakia tok bronse ved fotball-EM 1980, og utlikna då Italia og Tsjekkoslovakia spelte 1-1 i bronsefinalen. Under VM i fotball 1982 var han innbytar i sine to siste kampar i landslagsdrakt.

Merittar endre

  • Europameister: 1976 med Tsjekkoslovakia
  • EM-bronse: 1980 med Tsjekkoslovakia
  • Tsjekkoslovakisk seriemeister: 1974 og 1975 med Slovan Bratislava
  • Slovakisk cupmeister: 1972, 1974, 1976, 1982 og 1983 med Slovan Bratislava
  • Tsjekkoslovakisk cupvinnar: 1974 og 1982 med Slovan Bratislava

Kjelder endre