Mari Holmboe Ruge

Mari Louise Holmboe Ruge (fødd 1934) er ein norsk samfunnsforskar. Ho stod sentralt ved skipinga av Institutt for fredsforskning (PRIO) i 1959, i lag med mellom anna Johan Galtung og Ingrid Eide.

Mari Holmboe Ruge
Fødd20. juli 1934
NasjonalitetNoreg
Yrkestatsvitar
EktefelleHerman Ruge

Mari Holmboe Ruge er MA i sosiologi frå Columbia University og mag.art. i statsvitskap frå Universitetet i Oslo. Ho arbeidde i mange år i administrasjonen i Noregs allmennvitskaplege forskingsråd. Ho har òg vore aktiv i fredsrørsla spesielt i Internasjonal Kvinneliga for Fred og Fridom.

Mari Holmboe Ruge var gift med informatikaren Herman Ruge fram til han gjekk bort i 2019.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre