Ingrid Eide

norsk politikar

Ingrid Eide (fødd 12. juli 1933) er ein norsk politikar og sosiolog. Ho var sentral i grunnleggjinga av Institutt for fredsforskning (PRIO) i 1959, og arbeidde i fleire år ved instituttet. Ho var av avgjerande tyding for PRIO sin kontakt med fredsrørsla og kvinnerørsla. Seinare var ho i mange år amanuensis i sosiologi ved Universitetet i Oslo.

Ingrid Eide
Fødd12. juli 1933 (90 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkesosiolog, politikar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Dei sameinte nasjonane
Utdanna vedColumbia University
Universitetet i Oslo
EktefelleJohan Galtung, Sverre Lodgaard
BarnAndreas Galtung
Alle verv

Bakgrunn endre

I 1960 tok ho ei magistergrad i sosiologi ved Universitetet i Oslo, og frå 1973 til 1976 var ho statssekretær i Kyrkje- og undervisingsdepartementet.[1]

Eide har vore gift med Johan Galtung og Sverre Lodgaard. Ho er mor til juristen Andreas Galtung.

Politisk karriere endre

Eide var vararepresentant til Stortinget for Arbeidarpartiet frå Oslo frå 1977 til 1985, der ho møtte for Knut Frydenlund og Sissel Rønbeck. Frå 2007 sat ho i Oslo bystyre for Arbeidarpartiet. Eide har òg ei omfattande internasjonal yrkesrøynsle, mellom anna frå UNESCO og som direktør i UNDP, FN sitt program for kvinner og utvikling. Ho var òg sentral i Internasjonal kvinneliga for fred og fridom i Noreg, saman med Johanne Reutz Gjermoe.[2]

Kjelder endre

  1. Midtbøen, Arnfinn H. (2010). «Portrett: Ingrid Eide» (PDF). Sosiolognytt (4): 15–21.
  2. Portretter fra norsk historie. Oslo: Universitetsforl. 1993. s. 198. ISBN 8200211738.