Opna hovudmenyen

Maria Antonia av Austerrike (fødd Maria Antonia Theresia Josefa18. januar 166924. desember 1692) var den eldste dottera og det einaste overlevande barnet til keisar Leopold I og Margarita Teresia av Austerrike.

Maria Antonia av Austerrike
Benjamin von Block 002.jpg
Kurfyrstinne av Bayern
Regjeringstid15. juli 1685-24. desember 1692
Fødd18. januar 1669
FødestadHofburgpalasset, Wien
Død24. desember 1692 (23 år)
DødsstadHofburgpalasset i Wien
GravstadKapuzinergruft, Wien
Gift medMaximilian II Emanuel av Bayern
DynastiHabsburg
FarLeopold I av Det tysk-romerske riket
MorMargarita Teresia av Austerrike
BornJosef Ferdinand av Bayern, Joseph Ferdinand Prinz von Asturien, Anton Kurprinz von Bayern, Leopold Ferdinand Kurprinz von Bayern, Leopold Ferdinand Kurprinz von Bayern, Anton Kurprinz von Bayern, Joseph Ferdinand Prinz von Asturien

Maria Antonia var ein del av innavlen som gjekk føre seg i huset Habsburg, sidan faren Leopold var onkelen hennar på morssida, medan far hennar var syskenbarn til mora hans. Besteforeldra hennar på morsida var òg onkel og niese. Frå barndommen av var Maria Antonia ei intelligent og danna jente, og delte foreldra sin lidenskap for musikk.

Den siste spanske habsburgaren, Karl II, var barnlaus. I følgje arvefølgjelovene hadde Maria Antonia rett til å arve den spanske krona, fordi ho var det einaste overlevande barnet etter keisarinne Margaret Theresia, syster til Karl II. Likevel vart det sidan ho var fødd bestemt at ho skulle gifte seg med onkelen på morssida, den spanske kongen, men dette vart det aldri noko av på grunn av politiske årsaker.

Ho var òg ein kandidat for ekteskap med Victor Amadeus II av Sardinia, men dette vart heller ikkje noko av. Maria Antonia gifta seg med kurfyrste Maximilian II av Bayern i 1685 i Wien. Ekteskapet deira var ulukkeleg, men dei fekk tre born. Ingen av borna voks opp. Ein av dei, Josef Ferdinand av Bayern (1692-1699), var særleg viktig for europeisk politikk mot slutten av 1600-talet. Då såg dei europeiske maktene etter ein arving som kunne ta over trona i Spania då Habsburg-greina i landet døydde utt. Josef Ferdinand døydde derimot som seksåring, og dette utløyste den spanske arvefølgjekrigen.

KjelderEndra