Maria Theresia Ahlefeldt
Maria Theresia Ahlefeldt, prinsesse av Thurn og Taxis, (16. januar 1755–20. desember 1810) var ein dansk (opphavleg tysk) komponist. Ahlefeldt blir rekna som den første kvinnelege komponisten i Danmark.[1]
Maria Theresia Ahlefeldt | |||
| |||
Fødd | 16. januar 1755 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Regensburg | ||
Død | 20. desember 1810 (55 år) | ||
Dødsstad | Praha | ||
Opphav | Kongeriket Danmark | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | komponist, pianist, skribent | ||
Mor | Princess Marie Henriette Josepha zu Fürstenberg-Stühlingen | ||
Far | Alexander Ferdinand von Thurn und Taxis | ||
Gift med | Ferdinand Graf von Ahlefeldt-Langeland |
Ho var dotter av Alexander Ferdinand, fyrste av Thurn og Taxis (1704–73) og den tredje kona hans, prinsesse Maria Henriette Josepha av Fürstenberg-Stühlingen (1732–72).[2] Ho var fødd i Regensburg og døydde i Praha, men budde største delen av livet i Danmark. I 1780 gifta ho seg mot viljen til sin eigen familie med grev Ferdinand Anton Christian Ahlefeldt (1747–1815). Ahlefeldt blei utnemnd til hoffmarskalk og seinare direktør for Det Kongelige Teater i København.[3]
Ahlefeldt har blant anna skrive librettoen til den komiske operaen La Folie, ou quel Conte!, medan den største musikalske suksessen hennar var musikken til ein opera-ballet i fire aktar av ballettmeister Vincenzo Galeotti: Telemak paa Calypso sin Øe med tekst av C. Pram. Ho har dessutan skrive komposisjonar for stemme og kammerensemble.[4]
Referansar
endre- ↑ Ahlefeldt, Maria Theresia, kvast.org. Besøkt 24. november 2016
- ↑ Maria Theresia Prinzessin von Thurn und Taxis, thepeerage.com. Besøkt 24. november 2016
- ↑ McVicker, Mary F.: Women Opera Composers: Biographies from the 1500s to the 21st Century, 2016, s. 10
- ↑ Maria Theresia Ahlefeldt, Dansk kvindebiografisk leksikon. Besøkt 25. november 2016
- Denne artikkelen bygger på «Maria Theresia Ahlefeldt» frå Wikipedia på bokmål, den 13. september 2020.