Praha Høyr Høyr eller Prag er hovudstaden og den største byen i Tsjekkia. Byen ligg ved elva Moldau i den tidlegare austerrikske provinsen Böhmen. Frå 1993 utgjer Böhmen saman med Mähren Tsjekkia. Slovakia gjekk då ut av det gamle Tsjekkoslovakia. Frå 1992 har det gamle sentrumet i byen stått på UNESCO si liste over verdsarv.

Praha
Utsyn over Praha slott
Utsyn over Praha slott
Utsyn over Praha slott
Flagget til Praha Byvåpenet til Praha
Flagget til Praha Byvåpenet til Praha
Styresmakter
Land
Tsjekkia
Grunnlagd 800-talet
Borgarmeister Adriana Krnácová
Geografi
Flatevidd 496,21 km²
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde

496 km²
6 977 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik
 - Storbyområde

1 188 126
  2 392/km²
1 941 803
Koordinatar 50°05′″N 14°25′″EKoordinatar: 50°05′″N 14°25′″E
Høgd over havet 177 - 399 m
Diverse anna
Postnummer 1xx xx
Heimeside: www.praha-mesto.cz
Plassering
Plassering i Tsjekkia
Plassering i Tsjekkia
Plassering i Tsjekkia
Hradčany-slottet
Loretto

Historie endre

Byen vart grunnlagd på slutten av 800-talet og vart raskt sete for kongane av Böhmen. Nokre av desse kongane var òg keisarar av det tysk-romerske riket. Byen blomstra under Karl IV si regjeringstid på 1300-talet. Mellom anna voks bydelen Nové Město fram i denne tida. Elles kan nemnast Karlsbrua, St. Vitus-katedralen - den eldste gotiske katedralen i Sentraleuropa. Karlsuniversitetet er det eldste universitetet nord for Alpane. På denne tida var Praha Europas tredje største by.

Med Böhmen kom byen under Habsburgarane og Austerrike-Ungarn. Dei fire uavhengige kommunane som tidlegare utgjorde Praha, vart slegne saman til ein by i 1784. Desse fire var Hradčany, (slottsdistriktet, vest og nord for slottet), Malá Strana (den mindre byen, sør for slottet), Staré Město (gamlebyen, på austsida av elva) og Nové Město (den nye byen, lenger sør og aust). Byen voks vidare med annekteringa av Josefov i 1850 og Vyšehrad i 1883, og i byrjinga av 1922 vart 37 kommunar innlemma i byen. Slik auka innbyggjartalet til 676 000. Byen hadde òg etter at Böhmen vart avstått etter fyrste verdskrig ein stor del tysktalande innbyggjarar. Mange jødar, mellom anna Franz Kafka), budde i byen. Mange av jødane tala tysk, og det var eit rikt kulturliv. Mestedelen av dei 50 000 jødane døydde i Holocaust under andre verdskrig, noko som også i stor grad førte til slutten på det tyske preget på byen.

I august 2002 fann det stad ei alvorleg oversvømming i Praha, der delar av byen måtte evakuerast. Flaumen gjorde store skadar, men lukkelegvis vart ingen viktige landemerke øydelagde.

Verdt å sjå endre

Mellom turistattraksjonar kan nemnast:

Kultur endre

Praha er tradisjonelt eit kulturelt senter med mange teater, operahus, konserthus, galleri og musikklubbar.

Høgskular og universitet endre

I tillegg til Karlsuniversitetet har byen sju andre universitet og høgskular, inkludert Det Tsjekkiske Tekniske Universitetet grunnlagd i 1707. Film kan studerast ved FAMU, den tsjekkiske filmhøgskulen frå 1950-talet.

Transport endre

Offentleg transport i Praha vert utgjort av tre undergrunnsliner i tillegg til ei mengd trikkeliner og bussliner.

Utanfor byen ligg Ruzyně International Airport, som er hovudflyplass for flyselskapet ČSA Czech Airlines.

Ymse endre

Praha er òg sete for dei fleste viktige kontor og institusjonar i Tsjekkia, inkludert presidenten, regjeringa og parlamentet.

Folketalssutvikling endre

1230: om lag 3-4 000 innbyggjarar 1
1370: om lag 40 000 2
1600: om lag 60 000 2
1804: 76 000
1837: 105 500
1850: 118 400 (157.200 inkl. forstader)
1880: 162 300 (314.400 inkl. forstader)
1900: 201 600 (514.300 inkl. forstader)
1925: 718 300
1950: 931 500
1980: 1 182 800
1998: 1 193 300
2001: 1 169 100

Noter:

1 Berre Staré město
2 Staré město, Nové město, Malá Strana og Hradčany
Tala er for det folketalet som til ei kvar tid har vore innanfor Praha sine administrative grenser (inkludert nåverande bydelar i parentes).

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Praha