Maria av Ungarn

Maria av Ungarn eller Maria av Anjou 14. april 137117. mai 1395) var regjerande dronning av Ungarn frå 1382 til ho døydde. Ho var dotter av og tronarving etter kong Ludvig I av Ungarn og Polen og Elisabet av Bosnia.

Maria av Ungarn
Mary (Chronica Hungarorum).jpg
Fødd14. april 1371
FødestadBuda
Død17. mai 1395
DødsstadBuda
GravstadCathedral Basilica of St. Mary
Gift medSigismund av Det tysk-romerske riket
DynastiCapetian House of Anjou
FarLudwig I
MorElizabeth of Bosnia
BornN. of Luxemburg, Prince of Hungary

BiografiEndra

Etter at den eldre systera hennar Katarina døydde i 1378 blei Maria hylla som tronarving til både Ungarn og Polen etter far sin. Ho blei samtidig trulova med Sigismund av Luxembourg, som ifølge avtalen skulle bli medregenten hennar ved vigselen.

På tronaEndra

Då faren døydde i 1382 arva Maria den ungarske krona. Mora fungerte som regent for henne medan ho var umyndig. Den polske adelen nekta å la henne få den polske trona gjennom å krevja at den framtidige monarken måtte bu i Polen. I staden blei den yngre systera til Maria, Hedvig, vald til polsk monark i 1384.

Ungarn blei truga av invasjon både frå Maria sin trulova Sigismund og slektningen hennar Karl av Napoli, som begge ville ta trona. Mor hennar trulova henne då med Louis de Valois, duc d'Orléans, ein yngre bror av kong Karl VI av Frankrike. I 1385 blei Maria gift med Sigismund av Luxembourg, etter at han hadde invadert landet. Etter bryllaupet drog Sigismund til Böhmen. Opposisjonen i Ungarn baud då inn Karl III av Napoli, som blei hylla som monark. Maria si mor Elisabet fekk han så drepen i februar 1386.

Det braut ut eit opprør i Kroatia under Johan Horvath til fordel for sonen til Karl, Ladislaus. Elisabet og Maria blei tekne til fange då dei drog til krigsområdet, og mora og formyndarane til Ladislaus kravde at Elisabet måtte drepast som hemn for å ha fått Karl drepen. Elisabet blei kvelt til daude, medan Maria blei verande i fangenskap. Etter ei tid blei den ungarske trona rekna som ledig, og mannen til Maria, Sigismund, blei hylla som konge i Budapest.

Seinare styreEndra

4. juni 1387 blei Maria frigjort av Sigismund, og gjeninnset som ungarsk monark. Paret styrte sidan etter den opphavlege semja som medregentar. Maria hadde sitt eige segle og underteikna statlege handlingar og dokument, men ho verker å mest ha bekrefta avgjerdene til Sigismund enn å ha hatt nokon sjølvstendig politikk. I 1394, då Johan Horvath til slutt blei teken til fange, var det likevel Maria som gav ordre om å avretta han.

Maria døydde etter eit fall frå ein hest under ein graviditet.

KjelderEndra


  • Nordisk familjebok, band 17 (1912) sp. 938 (länk)