Buda (tysk Ofen, tyrkisk Budin) er den vestlege delen av den ungarske hovudstaden Budapest på vestbreidda av Donau. Namnet Buda kjem frå namnet Bleda, ein herskar for hunarane, som òg vert kalla Buda på ungarsk.[1][2][3]

Historisk våpenskjold

Buda utgjer ein tredjedel av området til Budapest og er hovudsakleg skogkledd og åslendt. Bydelen vert vanlegvis rekna for å ha høgare levestandard. Kjende landemerke er Buda slott og citadellet.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  • Denne artikkelen bygger på «Buda» frå Wikipedia på engelsk, den 21. januar 2012.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

Koordinatar: 47°28′N 19°03′E