Marianne Jahn

Marianne Jahn (fødd 14. desember 1942) er ein austerriksk tidlegare alpin skirennar som vart verdsmeister i både slalåm og storslalåm under VM i alpine greiner 1962 i Chamonix.

Marianne Jahn
Marianne Jahn 1960.jpg
Fødd 14. desember 1942 (79 år)
Zürs
Yrke alpinist
Zürs, fødestaden til Marianne Jahn

Jahn, som var frå vintersportstaden Zürs i Lech kommune i Vorarlberg, deltok i slalåmrennet under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley, der ho vart diskvalifisert. I 1961 vart ho austerriksk meister i storslalåm.

Ved den alpine verdsmeisterskapen 1962 i Chamonix vann ho fyrst gullmedaljen i storslalåm med knapp margin, før ho tre dagar seinare vann slalåm-gullet, nesten 1,5 sekund føre Marielle Goitschel frå Frankrike. Saman med ein 22. plass i utfor syrgde prestasjonane for at Jahn fekk sølvmedaljen i VM-kombinasjonen, bakom nettopp Goitschel.

Under vinterleikane 1964 i Innsbruck vart Jahn nummer 13 i storslalåm, og la deretter opp, 21 år gammal.

KjelderEndra