Marie Egland Drangsholt

Marie Egland Drangsholt (8. februar 18911966) var ein norsk forfattar.

Marie Egland Drangsholt
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. februar 1891
Farsund kommune
Død

1966 (75 år)

Yrke skribent

Familie endre

Marie Egland Drangsholt var dotter av agent, handelsmann og samlagsbestyrar Tobias Sakarias Egeland og Anna Bentine Hansen, og skreiv seinare om slektsnamnet til Egland.[1]

Liv og virke endre

Marie Egland Drangsholt byrja før fylte 20 år å arbeida som kontorist i Farsund.[2] Ho vart gift 4. april 1914 i Farsund med Ole Drangsholt.[3] Fyrst då ho nærma seg femti, byrja ho å skriva romanar.

Drangsholt skreiv innanfor tradisjonen herregards- og embetsmannsromaner. Hennar fyrste roman, Dager i spenning frå 1937, handlar om ein ung og idealistisk forretningsmann frå ein konsulfamilie. I romanen På farlige veier skildrar ho blant anna den religiøse Oxfordrørsla.

Ho skreiv òg artiklar i aviser og tidsskrift med signaturen Eiram,[4] altså førenamnet stava baklengs. Ho skreiv blant anna for fleire julehefte, og for bladet Romantikk.[5]

Bibliografi endre

  • 1937: Dager i spenning, roman, Norsk litteraturselskap, Oslo
  • 1940: På farlige veier, roman, Lutherstiftelsen, Oslo
  • 1945: Fra slekt til slekt, skrifter

Kjelder endre

  1. SAK, Farsund sokneprestkontor, F/Fb/L0001: Klokkerbok nr. B 1, 1886-1931, s. 29
  2. Folketelling 1910 for 1003 Farsund ladested: Bosted by: 0083 Jocum Lunds pl. 3
  3. «Fædrelandsvennen, onsdag 1. april 1914», www.nb.no, henta 13. november 2021 
  4. «Forfattermerker i norske aviser og tidsskrifter : [1936-1945]», www.nb.no, henta 13. november 2021 
  5. Arnesen, Finn (1990), Fra Rudolf Muus til Margit Sandemo : 75 års folkelesning fra Bladkompaniet A.S., Bladkompaniet, ISBN 82-509-2476-2, OCLC 23254982, henta 13. november 2021 

Litteratur endre