Marie Marguerite Bihéron

Marie Marguerite Bihéron (17191795) var ein fransk anatom som var kjend i samtida for dei medisinske illustrasjonane og voksmodellane sine.

Marie Marguerite Bihéron
Fødd17. november 1719
Mamers
Død18. juni 1795
Paris
NasjonalitetFrankrike
Yrkevoksskulptør, anatom

Bihéron var fødd i Paris som dotter av ein apotekar.[1] Ho studerte illustrasjon ved Jardin du Roi[2] og under Madeleine Basseporte, som ein veit lite om bortsett frå dei anatomiske teikningane hennar og memoara til samtidige.[1]

For å få tak i lik til dei anatomiske studia sine var Bihéron nøydd til å få dei stolne frå militæret.[3] Den raske nedbrytinga deira frustrerte henne,[4] og etter forslag frå Basseporte utvikla Bihéron evnene sine til å laga anatomiske voksmodellar. Ho blei etterkvart ein leiande utøvar av denne kunsten.[1] Den kjende legen Villoisin og den lærde Jussieu var imponerte, og begge gav verket hennar god omtale.[4] I 1759 bad Jean Morand henne om å presentera arbeidet sitt ved Academie Royale des Sciences.[1] Ho blei invitert igjen i 1770, då ho demonstrerte ein nyskapande, særs detaljert og livaktig modell av ei svanger kvinne, med avtakbare delar og foster.[1] I 1771 hadde ho ein presentasjon for Academie Royale for tredje gong, denne gongen med den svenske kronprinsen Gustav (seinare Gustav III) til stades.[4][5] Det franske vitskapsakademiet gav ikkje støtte til kvinner, så Bihéron var nøydd til å tena pengar privat, gjennom å stilla ut og selja modellane sine, og ved å undervisa.[1]

Modellane hennar blei internasjonalt kjende, både fordi dei var svært anatomisk nøyaktige og livaktige, og fordi ho skal ha hatt ein metode å laga voksmodellar på som gjorde at dei ikkje smelta. Kongen av Danmark og keisar Katarina II av Russland var blant kundane hennar; sistnemnde kjøpte eit komplett sett av anatomiske modellar.[5] I 1761 heldt ho ei utstilling i heimen sin i Vieille Estrapade nær Rue des Poules.[2]

Bihéron måtte flytta til England for å undervisa, ettersom kvinner ikkje hadde lov til å undervisa i anatomi i Frankrike.[5] Nokre av studentane hennar var John Hunter, ein skotsk lege som gjorde store framsteg innan kirurgi. Dei anatomiske leksjonane han fekk frå Bihéron var kritisk viktige for studia hans, og nokre av illustrasjona i boka hans var truleg av Bihéron.[5] Diderot skal også ha vore ein av anatomistudentane hennar.[2]

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Londa L. Schiebinger (1991), The Mind Has No Sex? Women in the Origins of Modern Science, s. 27-30.
  2. 2,0 2,1 2,2 Andrew Cunningham, The Anatomist Anatomis'd: An Experimental Discipline in Enlightenment Europe, Ashgate Publishing, 2010
  3. Louis Prudhomme, 1830-talet, sitert av Schiebinger, s.28.
  4. 4,0 4,1 4,2 Autumn Stanley, Mothers and Daughters of Invention: Notes for Revised History of Technology, Rutgers University Press, 1995.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 June K. Burton (2007), Napoleon and the Woman Question: Discourses of the Other Sex in French Education, Medicine, and Medical Law, 1799-1815, Texas Tech University Press (2007), s. 81-82.
  • G. Boulinier (2001), "A Female Anatomist of the Enlightenment: Marie Marguerite Biheron"
  • June K. Burton (2007), Napoleon and the Woman Question: Discourses of the Other Sex in French Education, Medicine, and Medical Law, 1799-1815, Texas Tech University Press (2007)
  • Paul Dorveaux (1901-1902), Les femmes médecins. Notes sur Mademoiselle Biheron
  • Catherine M. C. Haines (2001), International Women in Science: A Biographical Dictionary to 1950
  • Marilyn Ogilvie and Joy Harvey, red., The Biographical Dictionary of Women in Science: Pioneering Lives from Ancient Times to the Mid-20th Century, New York: Routledge (2000)
  • Jean-Pierre Poirier (2002), Histoire des femmes de science en France
  • Londa L. Schiebinger (1989), The Mind Has No Sex? Women in the Origins of Modern Science, Cambridge, MA: Harvard University Press
  • Laura Lynn Windsor (2002), Women in Medicine: An Encyclopedia, s. 27