Anna Morandi Manzolini
Anna Morandi Manzolini (21. januar 1714–9. juli 1774) var ein italiensk anatom og biletkunstnar som tente som professor i anatomi og modellering ved universitetet i Bologna og var internasjonelt kjend for sine anatomiske voksmodellar.
Anna Morandi Manzolini | |
Fødd | 21. januar 1714 Bologna |
Død | |
Yrke | anatom, bilethoggar, kunstmålar, voksskulptør |
Medlem av | Accademia delle Arti del Disegno |
Ektefelle | Giovanni Manzolini |
Anna Morandi Manzolini på Commons |
Liv og virke
endreAnna Morandi var fødd i Bologna som dotter av Carlo Morandi og Rosa Giovannini. Ho studerte teikning og skulptur under Giuseppe Pedretti og Francesco Monti, og blei gjennom dei kjend med anatomen og voksskulptøren Giovanni Manzolini.[1] Dei gifta seg i 1740 og fekk seks barn; to av dei levde opp.
Anna Manzolini lærte seg snart anatomi og hjelpte ektemaken med å dissekera og laga modellar. Ho utvikla nye disseksjonsmetodar, og identifiserte tidlegare ukjende kroppsdelar.[2] Då Giovanni blei sjuk av tuberkulose heldt Anna Manzolini førelesingane hans, og etter at han døydde i 1755 overtok ho heile verksemda. Dette året tilkjende også pave Benedikt XIV henne eit årleg stipend for resten av livet.[3] I 1756 blei ho utnemnd til professor i anatomi ved Vitskapsinstituttet i Bologna, og i 1760 blei ho også utnemnd til modellatrice ('modellmakar'). Gynekologiprofessoren Gianni Galli bad henne førelesa for studentane hans.[2]
Manzolini var vidkjend i Europa for sine anatomiske voksskulpturar, som mellom anna viste fram nerver, kapillærårer og fosterutvikling.[2] Ho blei medlem av vitskapsakademia i Italia, England og Russland. Anna Manzolini blei også boden til fleire europeiske hoff, mellom anna til Katarina den store i Russland. Blant verka hennar var to byster av henne sjølv og maken i ferd med å dissekera.[4]
Ettermæle
endreVoksmodellane til Manzolini (kjende som Supellex Manzolinia) blei arketypar for seinare anatomimodellar i pappmasjé som var forløparar for moderne undervisingsmodellar.[2]
Etter at ho døydde blei ei byste av Manzolini plassert i Panteon i Roma. Ei anna byste, laga av henne sjølv, finst i universitetsmuseet i Bologna.[2]
Krateret Manzolini på planeten Venus er kalla opp etter Anna Morandi Manzolini.
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ Susanna Falabella, «MANZOLINI, Giovanni», Dizionario Biografico degli Italiani, Istituto dell'Enciclopedia italiana Treccani. Oppgjeve av Italiensk Wikipedia.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Louise S. Grinstein, Carol A. Biermann, Rose K. Rose (red.), Women in the Biological Sciences: A Biobibliographic Sourcebook
- ↑ Anna Morandi Manzolini (1716-74), sciencemuseum.org.uk
- ↑ «Anna Morandi Manzolini's wax self-portrait», Himetop
- Denne artikkelen bygger på «Anna Manzolini» frå Wikipedia på svensk, den 4. mars 2014.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- Jennifer S. Uglow, The Macmillan dictionary of women's biography (1982)
- Denne artikkelen bygger på «Anna Morandi Manzolini» frå Wikipedia på italiensk, den 4. mars 2014.
Bakgrunnsstoff
endre- Rebecca Messbarger: The Lady Anatomist: The Life and Work of Anna Morandi Manzolini (University of Chicago Press, 2010)