Marie de France

fransk poet

Marie de France var ein franskfødd diktar som budde i England på siste delen av 1100-talet. Ein veit lite om livet hennar, og det har versert mange teoriar som prøver å knyta henne til kjende historiske skikkelsar. Ho skreiv på eit kontinentalt gammalfransk, men mange av avskriftene som eksisterer av verka hennar er gjort av anglo-normanniske skrivarar, og har derfor anglonormanniske trekk.

Marie de France

Marie de France i eit illuminet manuskript som no er i Bibliothèque nationale de France (Ms. 3142 fol. 256)
Statsborgarskap Kongedømet Frankrike
Fødd 12. hundreåret
Bretagne
Død

13. hundreåret

Yrke lyrikar, skribent, omsetjar, nonne, fabulist
Marie de France på Commons

Det mest kjende verket hennar er dei tolv versnovellene ho skreiv i åra 1155-1170 under sjangernemninga «lais», ein sjanger som ho sjølv skapte. Forteljingane er tileigna kong Henrik II av England. I prologen fortel ho at ho eigentleg hadde tenkt å overføra historier frå latin til «romansk», altså å skriva antikke romanar. Men ettersom slike forteljingar no var blitt så vanlege, valde ho å heller laga rima forteljingar av keltiske songar og melodiar, som ho kalla «lais».

Dei fleste av dei 12 forteljingane hennar har handlinga lagt til Bretagne. Alle handlar om kjærleik, og komposisjonane følgjer eit fast grunnskjema. Etter ei innleiande lykke blir dei to elskande utsett for prøvingar og ulukker, og det endar anten godt ved at trufast kjærleik får påskjønninga si, eller ulukke grunna mangel på uthald.

Kring 1180 skreiv Marie ei samling på 102 fablar, Ysopet. Denne bygger på ei eldre angelsaksisk fabelsamling, men dei tillagde moralane er av Marie. Ho er også rekna som forfattar av legenda St. Patriks lidingar (St. Patrick's Purgatory) og helgenvitaen St. Audreys liv (La Vie seinte Audree).

Dei 12 lais endre

  • Guigemar
  • Equitan
  • Le Fresne («Asketreet»)
  • Bisclavret («Varulven»)
  • Lanval
  • Les Deux Amanz («Dei to elskande»)
  • Yonec
  • Laüstic («Nattergalen»)
  • Milun
  • Chaitivel
  • Chevrefoil («Kaprifolium»)
  • Eliduc

Kjelder endre

Litteratur endre

  • Blain, Virginia, et al. (1990): «Marie de France» i: The Feminist Companion to Literature in English, Yale UP, s. 714
  • Howard, Bloch, R. (2003.): The Anonymous Marie de France. Chicago: U. of Chicago Press.
  • Burgess, Glyn Sheridan, & Busby, Keith (1986): The Lais of Marie de France. Oversettelse til moderne engelsk prosa med innledning. Penguin Books Limited.
  • Burgess, Glyn Sheridan (1987): The Lais of Marie de France: text and context. Manchester UP. ISBN 978-0-7190-1923-4.