Opna hovudmenyen

Henrik II av England (5. mars 11336. juli 1189) var konge av England frå 1154 til 1189. Han var også greve av Anjou, hertug av Normandie, hertug av Aquitaine, hertug av Gascogne, greve av Nantes, lord av Irland og kontrollerte til ulike tider delar av Wales, Skottland og vestlege Frankrike. Henrik var den første av Huset Plantagenet til å herska over England, og var oldebarn av den normanniske Vilhelm erobraren. Henrik var den første som nytta tittelen «konge av England» – i motsetnad til «konge av dei engelske».[1] Han var i samtida si òg kalla for Henrik Curtmantle, «kortkåpe», fordi han nytta ei kåpe som var kortare enn den til forgjengarane.[2]

Henrik II av England
Church of Fontevraud Abbey Henry II effigy.jpg
Konge av England
Fødd5. mars 1133
FødestadLe Mans
Død6. juli 1189
DødsstadChâteau de Chinon
GravstadFontevraud-klosteret
Gift medAliénor d'Aquitaine
DynastiHuset Plantagenet, Angevin, House of Normandy
FarGeoffrey V, greve av Anjou
MorMaud av England
BornGeoffrey, Vilhelm IX, greve av Poitiers, Henrik den unge konge, Rikard I av England, Geoffrey II, hertug av Bretagne, Mathilda av England, Leonora av Aquitaine, Johanna av England, dronning av Sicilia, Johan av England, William Longespée, 3. jarl av Salisbury, Morgan

Henrik II var den første av Angevin-kongane i England. Han overtok trona i kjølvatnet av kaoset som styret til Stefan hadde ført til. Henrik overlevde krigar, opprør og strid til han kunne herska eit av dei mektigaste europeiske kongedøma i mellomalderen. Han reformerte det normanniske styret og skapte ei regjering og ein administrasjon som var dugeleg og sjølvdrivande, også i dei tidsromma då kongen var utanlands. Under Stefan hadde adelen manipulert føydal lov for å underminera den kongelege autoriteten, og Henrik II sette i gang mange reformer som svekka dei tradisjonelle føydale banda og styrkte posisjonen til kongen. Festningar som var blitt bygde under borgarkrigen blei rivne. Auka beskatting erstatta i stor grad militærteneste som den viktigaste plikta til vasallane, noko som gjorde kongen mindre avhengig av adelen, og som uansett var mindre interesserte i å kjempa i krigar utanfor England.

Henrik utvida området sitt på Dei britiske øyane på to måtar. Først tok han Cumbria og Northumbria frå Malcolm IV av Skottland, og la fast grensa i nord. Felttoga hans i Wales var mindre vellukka, og førte ikkje med seg erobring, men han invaderte Irland og sikra engelsk tilstadevere og overherredøme på øya. Områda han herska over på kontinentet, og som han sette sønene sine til å herska over som vasallar omfatta dei følgjande landa: Bretagne, Maine, Poitou, Touraine, Gascogne, Anjou, Aquitaine, og Normandie. Henrik II var teknisk sett ein føydal vasall av den franske kongen, men i røyndomen åtte han større område, hadde større inntekter og var mykje mektigare enn den franske overherren sin.

Henrik II sin plan om å dela dei omfattande besittelsane og titlane sine førte til sjalusi og etterkvart forræderi frå sønene. På oppmuntring frå blant anna mor deira, Eleonore av Aquitaine, gjorde dei opprør mot faren fleire gonger, ofte med den franske kongen som alliert. Sjølv om to av dei døydde, i 1183 og 1186, endra ikkje opprørslysta og viljen til å gå imot faren seg hjå dei gjenverande. Då Henrik II byrja å eldast vart han angripen av den dugelegaste sonen sin, Rikard, som i fellesskap med Filip II August av Frankrike overvann han i 1189. Henrik II blei tvinga til ein audmjukande fredsavtale, og døydde sjølv to dagar etter.

Henrik II var fødd i Le Mans i Frankrike den 5. mars 1133, den første dagen av det tradisjonelle året.[3] Faren hans, Geoffrey V av Anjou (òg kjend som Geoffrey Plantagenet, son av Fulko av Jerusalem), var greve av Anjou og greve av Maine. Mora hans, keisarinne Matilda (Maud av England), hadde krav på den engelske trona som dotter av Henrik I av England (som regjerte 1100–1135), sonen til Vilhelm erobreren. Som barn heldt han til ved landområda til faren i Anjou. Då han var ni år gammal tok Robert, 1. jarl av Gloucester, han med til England der han fekk utdanning frå meister Matthew i Bristol.

Eleonore, hertuginne av Aquitaine, utsnitt av eit større bilete.

Då Henrik var 19 år gammal, den 18. mai 1152, gifta han seg med den rundt tolv år eldre Eleonore av Aquitaine ved Poitiers.[4][5][6] Berre seks veker tidlegare hadde Eleonore skild seg frå kong Ludvig VII av Frankrike. Eleonore hadde fått to døtrer med den franske kongen, men ingen son.

Ekteskapet mellom Eleonore og Henrik bygde på fornuft. Likevel verker det som om det i byrjinga var ein viss grad av ømheit mellom dei, og ekteskapet produserte heile fem søner og tre døtrer. Etter kvart blei derimot forholdet mellom ektefellane stadig kjøligare. Ein av årsakene til at det oppstod strid mellom dei var at Eleonore oppmuntra sønene til å gå til væpna opprør mot faren i 1173. Henrik sette då Eleonore i eit fangenskap som varte i femten år.[7]

Henrik og Eleonore fekk åtte barn: Vilhelm, Henrik, Rikard, Geoffrey, Johan, Matilda, Eleonore og Johanna. Vilhelm døydde som barn. Etter at Vilhelm døydde blei Henrik krona som medkonge då han var noko eldre, men sidan han aldri var konge i sin eigen rett, er han blitt kjent som «Henrik den unge kongen», ikkje som «Henrik III». I teorien kunne Henrik ha arva trona frå far og Rikard arva titlar, gods og rike frå mora, Geoffrey kunne ha hatt Bretagne, og Johan, den yngste som normalt ikkje ville ha fått jordeigedomar (og difor blei kalla «Johan utan land» av faren), kunne ha blitt lord av Irland. Men så skjedde ikkje.

Henrik hadde òg barn utanfor ekteskap. Sjølv om desse barna ikkje hadde lovleg krav på trona, gjorde slektskapstilhøvet deira at dei utgjorde potensielle problem for dei legitime arvingane til Henrik.[8] William Longespée var eit slikt barn. Han blei hovudsakleg verande lojal og slo seg til tols med dei titlane, landområde og rikdomane som kom til han som kongeleg lausunge. Geoffrey, biskop av Lincoln og erkebiskop av York, blei derimot rekna som ein torn i sida på Rikard I av England.[8] Geoffrey var den einaste av dei mange sønene til Henrik som stod fast ved han då han låg for døden. Sjølv kongen sin eigen favoritt, Johan, hadde forlate faren.[9] Rikard tvinga Geoffrey inn i presteskapet i York og avslutta på den måten dei verdslege ambisjonane hans.[8] Ein annan son, Morgan, blei vald til bispedømet Durham, men blei aldri vigsla til biskop på grunn av motstand frå pave Innocent III.[10]

Representasjon av Henrik II i eit nært samtidig manuskript.

Då Henrik II blei krona som konge av England i 1154 var berre 21 år gammal, men var likevel ein erfaren statsmann. Som bestefaren Henrik I av England hadde Henrik II ein framifrå kunnskap om lovverket. Han likte å vera saman med lærde, og var sjølv boklærd, språkmektig, mellom anna beherska han latin svært godt. Når det var mogleg deltok han personleg i råda. Interessa hans for økonomi var reflektert i ein måtehalden livsstil. Han kledde seg enkelt bortsett frå når tradisjonen sa noko anna, og hadde eit sparsommeleg kosthald.[11]

Innhaldsliste

Etableringa av eit imperiumEndra

 
Mor til Henrik, keisarinne Matilda, eller Maud, som ho òg vert kalla. Ho var òg gift med den tyske keisaren Henrik V.
 
Stefan av Blois, konge av England, gjorde Henrik til sin arving etter at hans eigen son døydde i 1153.

Far til Henrik, Geoffrey Plantagenet, hadde rike landområde som vasall for Ludvig VII av Frankrike. Maine og Anjou var difor fødselsrette til Hanrik, saman med andre landområde i vestlege Frankrike.[6] På morssida arva han òg hertugdømet Normandie. Likevel var den meste verdifulle arva frå mora kravet på den engelske trona. Som sønedotter av Vilhelm I av England burde keisarinne Maud av England ha vore dronning, men trona blei teken av fetteren hennar Stefan. Då Henrik sikra seg kongedømet for sin eigen familie skapte han eit dynasti som strekte seg over tre hundreår og tretten kongar.

Ekteskapet med Eleonore av Aquitaine styrkte Henrik endå meir. Til dei mange landområda hans blei eigedomane til kona lagt til, slik at han fekk kontroll over Aquitaine og Gascogne. Rikdomane i marknadene og vingardane i desse regionane, kombinert med dei mange besittelsane Henrik allereie hadde, gjorde ikkje Henrik berre til ein mektig engelsk konge, men òg til den mektigaste vasallen i Frankrike.

Erobringa av den engelske tronaEndra

Maud av England hadde stått fast på kravet sitt til den engelske trona i fleire år utan å nå fram. Ho trekte seg endeleg tilbake i 1147, same året som Henrik hadde følgt mora på ein invasjon av England. Denne feila raskt på grunn av manglande førebuingar,[6] men det gjorde likevel Henrik ytterlegare bestemt på at England var morsretten hans. Han kom attende til England i 1149 og 1150. Den 22. mai 1149 blei han gjort til riddar av grandonkelen sin, kong David I av Skottland, i Carlisle.[12]

Tidleg i januar 1153, berre månader etter at han hadde gifta seg, kryssa Henrik Den engelske kanalen endå ein gong. Flåten hans bestod av 36 skip og transporterte ein styrke på 3 000 fotsoldatar og 140 hestar.[13] Kjeldene er motstridande om han gjekk i land ved Dorset eller Hampshire, men det er kjent at han drog til ei lita kyrkje i ein landsby. Det var 6. januar og dei lokale var til stades ved feiringa av heilage tre kongars dag.

Henrik flytta seg raskt, og same året som han steig i land hadde han sikra seg retten til å etterfølgja Stefan som konge gjennom traktaten i Wallingford. Stefan si stilling hadde forverra seg. Han møtte opposisjon frå ein fiendtleg pave og erkebiskop gjennpm å krangla med kyrkja. Dessutan døydde sonen hans Eustace i 1153. Mange andre leiande aktørar - keisarinne Maud, David av Skottland og jarlane av Northampton, Warwick og Chester - var også anten daude eller døydde i løpet av året.

Med vitne frå ikkje mindre enn 14 biskopar og elleve jarlar erklærde Stefan den 6. november i Winchester hertug Henrik som sin etterfølgjar når han sjølv døydde. I Oxford tidleg det neste året lova baronane truskap til den nye tronarvingen. Han trekte seg så tilbake til Normandie fram til gamlekongen døydde i Dover den 25. oktober 1154. Den 19. desemberen 1154 blei han krona i Westminster Abbey. Henrike Plantagenet, vasall av Ludvig VII av Frankrike, var no mektigare enn den franske kongen sjølv. Henrik nytta tittelen Rex Angliae, Dux Normaniae et Aquitaniae eit Comes Andigaviae (konge av England, hertug av Normandie og Aquitaine, greve av Anjou).[14] Han var den første som blei krona som «konge av England», i motsetnaden til «konge av dei engelske».[15]

Herredømet over IrlandEndra

 
Ekteskapet mellom Aoife og Strongbow (1854) av Daniel Maclise, ei romantisk framstilling av unionen mellom den irske kongdottera og den normanniske erobraren Strongbow i ruinane av Waterford.

Kort tid etter at han blei krona, sende Henrik ein diplomat til den nyleg valde paven Hadrian IV. Under leiing av biskop Arnulf av Lisieux drog ei gruppe geistlege for å be om løyve for Henrik til å invadera Irland. Dei fleste historikarar er samde om at det resulterte i pavebullen Laudabiliter. Det er mogleg at Henrik handla under påverknad av ein «Canterbury-konspirasjon» der dei engelske geistlege streba etter å dominera den irske kyrkja,[16] men det er òg mogleg at Henrik sine intensjonar rett og slett var å sikra eit herredøme for den yngre broren sin William FitzEmpress.

Medan planane for invasjonen blei lagdw, døydde William, og Irland blei ignorert igjen. Ikkje før 1166 kom dei opp igjen. Dette året vart blei mindre irsk prins, Diarmaid Mac Murchadha, fordriven frå landområdet sitt i Leinster av Irden irske overkongen Muirchertach MacLochlainn. Diarmaid følgde Henrik til Aquitaine for å søkja støtte til å ta kontrollen tilbake. Henrik skaffa fotsoldatar, riddarar og adelege til å kjempa for saka. Den mest prominente var ein normanner frå Wales, Richard de Clare, 2. jarl av Pembroke, med tilnamnet «Strongbow». I byte for lojaliteten hans lova Diarmaid dottera si Aoife av Leinster i gifte til jarl Richard Strongbow, og dessutan å gjera han til arving og etterfølgjar i kongedømet sitt.

Strongbow gjekk i land nær Waterford den 23. august 1170 med ein styrke som skal ha vore på 200 riddarar og 1 000 fotsoldatar. Waterford blei straks erobra, og i løpet av den neste månad tok styrkane også Dublin. Normannarane gjeninnsette Diarmaid til dei tradisjonelle områda hans, men det vart raskt opplagt at Henrik ikkje hadde tilbode hjelp av reint vennskap, og Diarmaid fekk ikkje nyta posisjonen sin lenge. Han døydde i Ferns i mai 1171 og etterlét riket til Strongbow. Irane var ikkje budde på å ha ein utanlandsk herre, og sameinte seg under ein ny overkonge, Ruaidrí Ua Conchobair. Strongbow blei omringa i Dublin, men kringsetjinga braut saman då Henrik gjekk i land i Waterford den 17. oktober 1171 med ein veldig hær, kanskje opptil 500 riddarar og 4 000 fotsoldatar i 400 skip. I Irland erklærde han seg som lord av Irland. Alle normannarar, blant dei mange irske prinsar, svor truskap til han. Etter seks månader drog Henrik tilbake til England og kom aldri attende. Seinare utropte han den unge sonen sin, den framtidige kong Johan av England, til lord av Irland.[17]

Konsolidering i SkottlandEndra

I 1174 var eit opprør fremja av hans eigne søner ikkje det største problemet til kong Henriks største problem. Ein invasjonsstyrke frå Skottland, leia av kong Vilhelm I av Skottland, strøymde inn over grensa frå nord. For å forverra tilstanden segla ein flåte frå Flandern mot England, berre dagar frå invasjon, og det verka som den raske veksten til den engelske kongen ville setjast på ei alvorleg prøve.[3]

Den fiendtlege armadaen blei spreidd i Den engelske kanalen og vende attende til kontinentet. Invasjon frå havet var hindra, men skottane dreiv framleis på med herjingar i nord. Henrik sende troppar nordover som møtte skottane ved Alnwick. Der vann engelskmennene ein knusande siger. Vilhelm blei teken til fange i kaoset, noko som fjerna skottane sin leiarskap, og i løpet av få månader blei alle problematiske festningar rivne. Sørlege Skottland blei totalt dominert av Henrik sine menn, og området blei i praksis lagt under det omfattande riket hans som eit len. Riket hans strekte seg no frå Solway Firth i nord og bortimot til Middelhavet i sør, og frå elva Somme til Pyreneane. Ved enden av denne krisa, og av opprøret til sønene hans, var kongen no «etterlaten sterkare enn nokon gong».[18]

InnanrikspolitikkEndra

Adelen si underkastingEndra

I løpet av Stefan si regjeringstid hadde dei engelske baronane underminert den kongelege autoriteten. Opprørsfestningar var eit problem, unngåing av militærteneste var eit anna. Den nye kongen fekk straks rive dei opprørske festningane som var blitt reiste under Stefan si tid.

For å løysa problemet med dei som unngjekk militærteneste vart det vanleg med ein skatt kalla scutage. Denne betalte ein i staden for å tena i hæren til Henrik, noko som gjorde det mogleg for kongen å hyra leigesoldatar i staden. Desse harde og forherda leigesoldatane blei brukte med øydeleggjande effekt av både Henrik og sonen Rikard, og i 1159 var skatten etablert som ein sentral faktor for kongshæren og kongsautoriteten over vasallar.

LovreformerEndra

Henrik sitt regime såg etableringa av kongelege øvrighetispersoner og lokale rettssalar. Disse kunne dømma i lokale strider med kongsautoritet, og fordelte lov og rett meir effektivt medan dei reduserte arbeidsmengda til den kongelege retten.

Henrik arbeidde òg for å gjera det juridiske systemet meir rettferdig. Rett ved uskyldsprøve og rett ved tvikamp var enno ganske vanleg, og sjølv på 1100-talet var desse metodane ekna somforelda. Ved domstolavgjerda i Clarendon i 1166 blei ei rettssak ført for ein jury av likemenn standard. Likevel fremja denne gruppa av «tolv rettmessige menn», som ein kalla juryen, ei teneste meir lik ein storjury, ved varsla retten om saker eigna for forfølging. Tvikamp var lovleg i England heilt fram til 1819, men jurysystemet til Henrik var eit stort bidrag til den sosiale historia i landet. Domstolavgjerda i Northampton i 1176 sementerte dei tidlegare avgjerdene i Clarendon.

Kongeleg kontroll over kyrkjaEndra

 
Samtidig teikning av drapet på erkebiskop Thomas Becket.
 
Thomas Beckets relikvieskrin. Det er dekorert med ei avbilding av mordet. Musée national du Moyen Âge

Som andre normanniske kongar akta Henrik II å ha same kontroll over kyrkja som over staten. Ved Clarendon Palace den 30. januaren 1164 sende kongen ut seksten konstitusjonar, kvar med det føremålet å minska den geistlige innverknaden frå Roma. Kyrkja hadde sin eigen domstol og eigne lovar som stod utanfor den verdslege. Om ein prest begjekk voldtekt eller mord kunne han unngå straffeforfølginga til vanleg lov som avretting ved å krevja å dømmast ved domen til biskopen. Her var straffa ikkje vondare enn bot, pisking eller å frådømmast prestekappen. Vanleg lov stoppa ved kirkedøren. Rike biskopar og abbedar var betydeleg landeigarar med store inntekter og somtid med eigne hærar. Sjølv om dei svor sin lojalitet til kongen insisterte dei på denne stod under deres lojalitet til Gud og hans representant i Roma.

Thomas Becket var ein velutdanna mann med stor administrativ dugleik, sjarm og intelligens. Hans store sjanse kom i 1154 då erkebiskopen av Canterbury introduserte han for den nyleg krona kong Henrik II. Dei to, kongen 21 år gammal og Becket i midten av 30-åra, blei ikkje berre gode vener som spelte sjakk og reiste saman, men danna ein sterk allianse. Det blei sagt at dei to hadde «ein hjerne og eit sinn».[19] Becket blei den nest mektigaste mannen i riket, og stod for dei viktigaste diplomatiske sakene som å forhandla om ekteskap i Frankrike for ei av døtrene til Henrik i 1158.

Då erkebiskopen av Canterbury døydde i 1161 fekk Henrik II ein framifrå sjanse til å plassera sin eigen, handplukka mann i leiarposisjonen for den engelske kyrkja. Han ville ha sin eigen kansler og gode ven Thomas Becket som den nye erkebiskopen av Canterbury. Paven blei spurd og samtykka. Det var berre eitt problem, Becket hadde aldri bliitt ordinert, men han blei først gjort til prest, den neste dagen til biskop, og den same ettermiddagen, 2. juni 1162, til erkebiskop.[20] Becket var aldri ein viktig teolog. Då han blei utnemnd til erkebiskop halde han seg med personleg instruktør for å få Bibelen forklart, og ved kyrkjemøtet i Tours 1163 torde han ikkje preika på grunn av den avgrensa kjennskapen sin til latin.[21]

Til kongen og andre si overrasking sa Thomas Becket frå seg stillinga som kanslar, og gjekk frå å vera den fremste mannen til kongen til å arbeide heilt ut for kyrkja. I 1163 blei ein kannik skulda for mord frikjent ved ein kyrkjerett, og deretter ført fram for ein kongeleg domstol. Becket protesterte, og hindra ikkje berre denne saka, men òg kongen sitt forsøk på å få makta til den verdslege retten til å også gjelda kyrkja. Becket nekta å gå med på endringane i loven, og då kongen tilkalla han for å stå til rette for det kongelege rådet den 8. oktober 1164 flykta han til Frankrike og stilte seg under Henrik sin rival Ludvig VII av Frankrike sitt vern.

Då Henrik II fekk krona sonen sin Henrik den unge kongen måtte hendinga finna stad i London, ettersom erkebiskopen av Canterbury ikkje var tilgjengeleg. Becket vurderte kroninga som ulovleg, og bannlyste dei to biskopane som stod for hene. Under Becket sine seks år i eksil freista Henrik II å pressa han til underkasting, men møtte han òg andlet til andlet tre gonger for å diskutera strida. Sjølv paven vurderte Becket som eit problem for den nådelause konfrontasjonen hans med kongen.

Pave Alexander III truga med å bannlysa heile England om tvisten ikkje vart løyst. Den 30. november 1170 kom Becket tilbake til England og setet sitt. Han gjekk straks i gang med å bannlysa dei som hadde støtta kongen. I Normandie rasa kongen over Becket.

Drapet på Thomas BecketEndra

Eit utbrot frå Henrik skal ha ført til at fire av riddarane til kongen tolka det ei oppmoding om å drepa Thomas Becket. Reginald Fitzurse, Hugh de Morville, William de Tracy, og Richard le Breton kryssa Den engelske kanalen og drog til Canterbury. Utbrotet blir populært gjengjeve som «Kven kan fri meg frå denne brysomme presten?»

29. desember 1170 gjekk dei fire inn i domkyrkja i Canterbury, der dei fann Becket nær trappene ved krypta. Dei slo han ned og drap han med fleire slag med sverda sine. Det blei sagt at om Becket ikkje hadde levd som helgen, så døydde han sanneleg som ein..[22] Det uvanlege var at drapet hans skulle få slikt ry, og det prega styret til Henrik i dei neste tjue åra. Personleg angra han på døden til den tidlegare venen. Berre tre år seinare var Thomas Becket blitt helgenerklært av pave Alexander III og forfremja som ein martyr for den verdslege makta si innblanding i kyrkje.[23] Heile Europa vart sjokkert over drapet. Kjennskap til Becket sitt martyrium spreidde så langt seg som til Island, der historia blei gjeven att i Thomas Saga Erkibyskups.[24] Fleire mirakel skal ha funne stad ved grava hans, og pilegrimar strøymde til Canterbury frå heile Europa.

Riddarane som utførte udåden fall i unåde, og fire år etter drapet gjorde kong Henrik II bot ved å gå barføtt gjennom gatene i Canterbury medan åtti munkar piska han og han var deretter ei natt i krypta til martyren. Den heilage Thomas Becket blei verande ein populær helgen gjennom heile mellomalderen, og kong Henrik II kunne gløyma å endra loven som gjorde kyrkjefolk ansvarlege for verdslege lovar.

Angevin-forbanningaEndra

 
Utbreiinga av Angevin-riket på sitt største.

Borgarkrig og opprørEndra

 
Henrik II

Forsøket på å fordela landområda sine mellom dei mange sønene førte til mange vanskar for kong Henrik. Planen hans om ei velordna maktoverføring til Henrik den unge kongen var avhengig av i kva grad unge Henrik greidde å styra, og i kva grad brørne hans støtta han. Den kanskje hardaste og mest ambisiøse av sønene, Rikard Løvehjarte, nekta å underkasta seg broren, ettersom dei hadde same mor og far og slektskap.[8]

I 1173 gjekk unge Henrik og Rikard saman mot faren og etterfølgingsplanen hans, og freista å ta dei landområda som dei var blit lova (sjå Opprøret i 1173-1174). Medan både unge Henrik og Rikard hadde ein relativ stor styrke i Frankrike, mangla dei menneskemateriell og den røynsla som far deira sat med for å styrta han. Kongen knuste dert første opprøret deira, og var rimeleg og rettferdig i sin straff. Rikard mista til dømes halvparten av den inntekta han hadde krav på som greve av Poitou.[8]

I 1182 vende sønene seg i staden mot kvarandre. Unge Henrik, Rikard og broren deira Geoffrey byrja alle å slost mot om besittelsane til faren på kontinentet. Situasjonen vart akutt skjerpa ved at den franske adelen òg gjorde opprør og at den franske kongen Filip II August blanda seg inn. Dette var den alvorlegaste trusselen som kom frå familien, og kongen måtte møta den dynastiske borgarkrigen. Den 11. juni 1183 døydde Henrik den unge kongen av dysenteri. Opprøret som hadde oppstått rundt han fall saman, og dei gjenverande brørne drog attende til kvar sine landområde. Henrik okkuperte raskt dei opprørske regionane for å verna om freden.[8]

Det endelege slaget mellom sønene til Henrik kom kort tid etter, i 1184. Geoffrey av Bretagne og Johan, den yngste av brørne, var blitt lova Aquitaine, som tilhøyrde mora og den eldre broren Rikard.[8] Geoffrey og Johan invaderte, men Rikard hadde kontrollert ein hær i bortimot ti år og var blitt ein dugeleg militær kommandant. Rikard utviste brørne sine. Dei kom aldri til å møta kvarandre igjen i krig, hovudsakleg fordi Geoffrey døydde to år seinare, og fordi Johan, den yngste, ikkje hadde personleg makt eller middel til å utgjera ein trussel.

Død og arvefølgjeEndra

Den siste tornen i Henrik si side var alliansen mellom sonen Rikard og den største rivalen, Filip II August. Johan var blitt favoritten til faren, og Rikard frykta at han sjølv skulle bli utelaten frå arva etter faren.[8] Sommaren 1189 invaderte Rikard og den franske kongen Henrik sine sentrale maktområde i Anjou. Dei allierte tok ein nordvestleg veg, gjekk til åtak på Le Mans og erobra Maine og Tours. Den overvunne Henrik II møtte motstandarane sine og blei nøydd til å gå med på alle krava deira, medrekna å gje hyllest til Filip II August for alle dei franske besittelsane hans.

Mellomalderhistorikaren Austin Lane Poole har fortald at kong Henrik II hadde dekt veggene i sitt personlege kammer i Winchester med måleri og veggteppe. Eit av dei, utført på instruksar frå kongen, var ein allegori på elendet i hans eige liv: Ein flokk med fire ørnungar var avbilda medan dei plyndra den vaksne ørna, og den fjerde ungen stod klar til å hakka ut auget på faren. «Dei fire ørnungane er mine eigne søner som ikkje sluttar å forfølgja meg sjølv inn i døden,» skal kong Henrik II ha forklart biletet. «Den yngste av dei, som eg no har gjeve så mykje omsut, vil til slutt fornærma meg hardare og farlegare enn nokon av dei andre.»[25]

Det einaste kravet den nedkjempa Henrik II stilte for underkastinga var å få sjå lista over dei som hadde svikta han. Øvst stod namnet på yngstesonen Johan. Så tvilsame som handlingane til Rikard var ved å gå i krig mot sin eigen far, var han uansett provosert av at faren hadde løfta den yngste sonen opp framfor han i arverekkjefølgja, noko som var den direkte årsaka til at Rikard la seg på kne for den franske kongen og erklærde seg som hans vasall.

Svak, sjuk og forlaten av alle, bortsett frå den utanomekteskapelege sonen Geoffrey, døydde Henrik i Chinon den 6. juli 1189, 56 år gammal. Dei legitime sønene omtalte han, ifølgje krønikene, som «dei verkelege bastardane».[26] Den sigrande prinsen Rikard viste seinare respekt for liket til kong Henrik då det blei frakta til Fontevraud-klosteret. Rikard blei krona til konge av England i Westminster den 1. september 1189. Den første handlinga hans som konge var å senda bod om at mora, dronning Eleonore av Aquitaine, skulle lauslatast frå fangenskapet som Henrik hadde halde ho i dei siste seksten åra.

Henrik i bøker og filmarEndra

Særleg på grunn av mordet på erkebiskopen opptrer Henrik i ei rekkje skodespel, romanar og filmar. Mellom anna opptrer han i T.S. Eliot sitt skodespel Murder in the Cathedral (1952, på norsk som Mordet i domkirken, 1957)

Henrik II av England opptrer òg i skodespelet Becket av Jean Anouilh og i The Lion in Winter av James Goldman. Peter O'Toole spelte rolla som kongen i filmutgåva av begge desse skodespela – Becket (1964) og The Lion in Winter (1968), og begge gongene blei han nominert som Oscar for beste mannlege hovudrolle. Patrick Stewart spelte kongen i TV-filmen av The Lion in Winter (2003), og for denne vart han nominert tilGolden Globe for beste prestasjon av ein mannleg skodespelar i ein TV-serie.

Brian Cox spelte kongen i BBC sin TV-serie The Devil's Crown (1978), som skildra styret til han og sønene. Han òg blitt framstilt på film av William Shea i den korte stumfilmen Becket (1910), av A.V. Bramble i stumfilmen Becket (1923), basert på eit skodespel av Alfred Tennyson, av Alexander Gauge i filmutgåva av T. S. Eliot sitt skodespel Murder in the Cathedral (1952). Skodespelet Curtmantle av Christopher Fry, som er mindre kjent og sjeldnare framført på scena, tek også for seg konflikten mellom Henrik II og Thomas Becket.

Henrik II er òg ein betydeleg figur i dei historiske kriminalromanane Mistress of the Art of Death og The Serpent's Tale av Diana Norman. Han opptrer òg i Ken Follett sin roman Stormenes tid. Dei siste kapitla av boka skildra botsgangen til kongen i Canterbury for mordet på Thomas Becket.

KjelderEndra

  1. Ltd, Not Panicking, «h2g2 - Henry II - the 'First' King of England - Edited Entry», h2g2.com, henta 18. februar 2019 
  2. Nuttall Encyclopædia of General Knowledge, red. ved pastor James Wood (1907)
  3. 3,0 3,1 Harvey, The Plantagenets, side 47
  4. Leese, Thelma Anna: Blood royal, 1996, s.189
  5. Chronique dei Touraine
  6. 6,0 6,1 6,2 Harvey, The Plantagenets, s. 49
  7. Harvey, The Plantagenets, s. 51
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 8,5 8,6 8,7 Turner & Heiser, The Reign of Richard Lionheart
  9. Harvey, The Plantagenets
  10. British History Online Bishops of Durham Arkivert 19. juli 2011 på Wayback Machine.
  11. Harvey, The Plantagenets, s. 40
  12. Pool, Austin Lane: From Domesday Book to Magna Carta 1087-1216, 2.utg.
  13. Harvey, The Plantagenets, s. 48
  14. «King Henry II» Arkivert 18. juli 2011 på Wayback Machine.
  15. BBC: «Henry II - the 'First' King of England».
  16. Warren, Henry II
  17. Pool, Austin Lane: From Domesday Book to Magna Carta 1087-1216, 2.utg.
  18. Harvey, The Plantagenets
  19. Lacey, Robert: Great Talast from English History.
  20. The Murder of Thomas Becket, 1170
  21. Pool, Austin Lane: From Domesday Book to Magna Carta 1087-1216, 2.utg.
  22. «Selv om Becket ikke hadde levd som en helgen, døde han sannelig som en» katolsk.no: Den hellige Thomas Becket (av Canterbury) (1118-1170).
  23. John Harvey, The Plantagenets, s. 45.
  24. openlibrary.org: Thomas Saga Erkibyskups
  25. Pool, Austin Lane: From Domesday Book to Magna Carta 1087-1216, 2.utg.
  26. Schama, Simon: A History of Britain (TV-serie), Episode 3, «Dynasty». 2000.
Bibliografi
  • Barber, Richard: The Devil's Crown: A History of Henry II and His Sons (Conshohocken, PA, 1996)
  • Bartlett, Robert: England Under The Norman and Angevin Kings 1075-1225 (2000)
  • Boussard, J.: Le government d'Henry II Plantagênêt (Paris, 1956)
  • Hosler, John D.: Henry II: A Medieval Soldier at War, 1147–1189 (History of Warfare; 44) Brill Academic Publishers, 2007 ISBN 9004157247
  • Harvey, John: The Plantagenets. Fontana; 2. utg., opptrykket utgave (1972)
  • Turner, Ralph & Heiser, Richard: The Reign of Richard Lionheart Harlow [u.a.] : Pearson Education, 2000, ISBN 0-582-25660-7 – ISBN 0-582-25659-3
  • Warren, W. L.: Henry II (London, 1973)
  • Vincent, Nicholas: «King Henry II and the Monks of Battle: The Battle Chronicle Unmasked», i Belief and Culture in the Middle Ages: Studies Presented to Henry Mayr-Harting. Red. Henry Mayr-Harting, Henrietta Leyser and Richard Gameson (Oxford, OUP, 2001)

BakgrunnsstoffEndra