Mariner Islands
Mariner Islands er ei gruppe klipperik øyar og skjer som utgjer den nordlege, sentrale gruppa i Highjump Archipelago, og grensar til Edisto Channel i vest, Gossard Channel i sør og Remenchusbreen i aust. Dei vart kartlagde frå flyfoto teken av U.S. Navy Operasjon Highjump, 1946–47, og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) til minne om oppdaginga av eit stort isfritt område i vestenden av Knox Coast av mannskapet på eit sjøfly av typen PBM-Martin Mariner. Under fotograferinga av denne kysten i januar 1947, landa flyet i ei av buktene ved Bunger Hills og tok bilete frå bakken og henta inn vassprøvar.
Mariner Islands | |||
øy | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Del av | Highjump Archipelago | ||
Koordinatar | 66°1′S 101°9′E / 66.017°S 101.150°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mariner Islands 66°01′00″S 101°09′00″E / 66.0167°S 101.15°E | |||
Sjå òg
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mariner Islands» (innhald frå Geographic Names Information System).