Mario Mutsch (fødd 3. september 1984 i Sankt Vith i Liège-provinsen i det tysk-språklege området i Belgia) er ein belgisk fotballspelar. Han har spela for Metz i fransk 2. divisjon. Han har luxembourgsk far, og spelar for det luxembourgske fotballandslaget.

Mario Mutsch
Personleg informasjon
Fødd 3. september 1984
Fødestad Sankt Vith
Høgd 173 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Metz
Nummer 19
Ungdomsklubbar
Belgia RFC St. Vith
Belgia Olympia Recht
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2002-05
2005-06
2006-07
2007-09
2009-
Belgia Spa FC
Belgia Union La Calamine
Tyskland Alemannia Aachen II
Sveits Aarau
Frankrike Metz
78 (12)
27 (0)
27 (4)
37 (2)
22 (0)
Landslag
2005- Luxembourg Luxembourg 33 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 16. juli 2009
‡ Landslagsmål oppdatert 16. juli 2009

Klubbkarriere

endre

Mutsch begynte fotballkarrieren for klubbar i lågare divisjonar i Belgia. I 2006 drog han til Tyskland og reservelaget til Alemannia Aachen, men kom aldri på førstelaget der. I 2007 drog han til den sveitsiske toppserieklubben Aarau, der den tidlegare landslagstrenaren til Luxembourg var assistenttrenar. 16. juli 2009 gjekk han gratis til den franske 2. divisjonsklubben Metz.

Landslagskarriere

endre

Mutsch debuterte for Luxembourg sitt A-landslag i oktober 2005 i ein VM-kvalifiseringskamp mot Russland. Per april 2010 har han eitt landslagsmål for Luxembourg.

Kjelder

endre
Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 29. april 2010.