Marit Øiseth
(Omdirigert frå Marit Hemstad)
Marit Øiseth (29. desember 1928–5. oktober 1971), fødd Marit Hemstad, var ein norsk idrettsutøvar, fødd og død i Nord-Odal. Ho var aktiv i friidrett og langrenn, som skirennar var ho medlem i Mogutten Idrettslag.
Marit Øiseth | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. desember 1928 Nord-Odal kommune |
Død |
5. oktober 1971 (42 år) |
Yrke | langrennsløpar, sprintar |
Marit Hemstad var dotter til ein skogsarbeidar. 17 år gammal deltok ho i EM i friidrett 1946 i Oslo, der ho vart nummer fire på 200 med tida 25,7 sekundar.
Ho kom tilbake som Marit Øiseth og deltok i langrenn under Vinter-OL 1952 i Oslo. Her enda ho på sjuandeplassen på 10 km. Då den fyrste noregsmeisterskapen med kvinner i langrennssporet fann stad i 1955, hadde ho slutta å tevle.
Kjelder
endre- friidrett.no
- (en) Marit Øiseth – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.