Marit Røsberg Jacobsen
Marit Røsberg Jacobsen (fødd 25. februar 1994) er ein norsk handballspelar frå Narvik som vart europameister 2020, verdsmeister 2021 og olympisk meister 2024 med Noregs kvinnelandslag. Ho er høgre kantspelar, sidan sommaren 2018 aktiv i Esbjerg frå Danmark. Åra 2016-24 deltok Jacobsen i 113 landskampar og skåra 196 mål.
Marit Røsberg Jacobsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 25. februar 1994 (30 år) Narvik |
Yrke | handballspelar |
Høgd | 169 centimeter |
Marit Røsberg Jacobsen på Commons |
Klubbspel
endreJacobsen flytta til Trondheim, og spelte ein sesong på Charlottenlund SK. Deretter var ho Selbu-spelar i tre år, før ho i tida 2014-18 var aktiv i Byåsen Idrettslag.
Landslagsspel
endreJacobsen debuterte 1. juni 2016 i ein bortekamp mot Belarus. Åra 2017-21 var ho med på Noregs lag i alle meisterskapsturneringane. Ho fekk med seg ein sølvmedalje i VM 2017 og vann gull i EM 2020. Året 2021 vann ho OL-bronse og VM-gull. Korkje til EM 2022 eller VM 2023 fekk ho plass i Noregs tropp. Derimot deltok ho Sommar-OL 2024 i Paris, der det vart ein suveren siger over arrangørlandet i finalen.
Merittar landslag
endre- VM 2017: Sølvmedalje etter 21–23 mot Frankrike
- EM 2018: Nr 5 etter 38–29 mot Sverige
- VM 2019: Nr 4 etter 28–33 mot Russland
- EM 2020: Gullmedalje etter 22–20 mot Frankrike
- OL i 2021: Bronsemedalje etter 36–19 mot Sverige
- VM 2021: Gullmedalje etter 29–22 mot Frankrike
- OL 2024: Gullmedalje etter 29–21 mot Frankrike