Narvik

by i Nordland

Narvik er ein by og administrasjonssenter i Narvik kommune i Nordland med 14 051 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Narvik
stad
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Narvik
Areal 6,93 km²
Folketal 14 051  (2023)
Folketettleik 2 028 / km²
Innbyggjarnamn narviking,
narvikværing
Preposisjon i Narvik
Kart
Narvik
68°26′18″N 17°25′40″E / 68.43828°N 17.42777°E / 68.43828; 17.42777
Wikimedia Commons: Narvik (town)

Narvik voks opp kring den isfrie hamna nytta for utskiping av jernmalm frå Kiruna i Sverige etter at eit britisk-svensk selskap byrja byggja Ofotbanen i 1883.[1] Narvik blei vedtatt oppretta som kjøpstad i 1901 med verknad frå 1902. Hovudnæring i byen var kenge knytt til transport, lagring og transittutskiping av jernmalm frå gruvene til Luossavaara-Kiirunavaara (LKAB) i Kiruna. Talet på arbeidsplassar knytt til dette har gjennom åra gått kraftig tilbake i samband med utviklinga av meir effektive utskipingsmetodar.[1]

Sentrum av byen ligg på halvøya mellom Rombaken og Beisfjorden. Det er delt i to av jernbaneområdet med utskipingsanlegg for jernmalm. Vest for jernbaneområdet ligg Frydenlund, medan Oscarsborg ligg i aust. I sør ligg bydelen Fagernes og vest for munningen av Beisfjorden ligg Ankenesstrand–Håkvik. Dei fleste noverande bygga er reist etter andre verdskrigen.[1]

Galleri

endre

Sjå òg

endre

Kjelder

endre

Fotnotar

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 Thorsnæs, Geir (4. juni 2017). «Narvik». Store norske leksikon. Henta 9. mai 2018. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Narvik
  Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.