Marius Almås Johansen

Marius Almås Johansen (fødd 4. juni 1975) er ein norsk gitarist og grafikar frå Stokmarknes.

Marius Almås Johansen
Fødd4. juni 1975
OpphavNoreg
Verka sommusikar, gitarist, grafikar

Johansen spelte gitar i bandet Abbey's Adoption, men slutta i 1996, då Robert Burås tok over. Bandet skulle seinare skifta namn til Madrugada. I bandtida gav han ut samleplata "Wrought", frå rockemiljøet i Vesterålen.

Johansen har seinare teke utdanning ved Nordland Kunst- og Filmhøgskole og teke bachelorgrad ved Kunsthøgskolen i Bergen. Han har hatt utstillingar i Vesterålen, mellom anna i Sortland.

KjelderEndra