Marius Daniel Urzică (fødd 30. september 1975) er ein rumensk tidlegare turnar som vart både olympisk meister, tre gongar verdsmeister og tre gongar europameister i bøylehest. Han vert rekna som ein av dei aller beste i øvinga. To turn-element, eitt i bøylehest og eitt i skranke har namn etter honom.

Marius Urzică


Statsborgarskap Romania
Fødd 30. september 1975 (48 år)
Toplița
Idrett turn
Tok del i

gymnastics at the 1996 Summer Olympics – men's pommel horse, gymnastics at the 2000 Summer Olympics – men's pommel horse, Turn under Sommer-OL 2004 – Bøylehest menn

Urzică vann gullmedaljen i bøylehest ved EM 1994, 2000 og 2002. Åra 1994, 2001 og 2002 sikra han seg gull i same øvinga ved verdsmeisterskap, i Turn-VM 1999 vart det sølv i bøylehest. Under Turn-VM 1995 bidrog han mykje til at Romania kom på bronseplass i lagkampen. Urzică deltok i tre olympiske leikar og vann sølv i bøylehest i Atlanta i 1996, gull i Sydney i 2000 og sølv i Athen i 2004, i Athen fekk han også bronse i lagkampen for Romania.

Kjelder endre