Marja-Liisa Olthuis

Marja-Liisa Olthuis (fødd 9. august 1967 i Partakko i Enare) er ein samisk lingvist og forfattar som jobbar med enaresamisk.

Marja-Liisa Olthuis

FøddMarja-Liisa Mujo
9. august 1967
NasjonalitetFinland
Yrkelingvist
MedlemComplementary Aanaar Saami Language Education

Biografi endre

Olthuis vart fødd i 1967 som dotter av Elias Mujo (Sammlii-Kaabi Eljis) og kona Elsa (Piätárii-Heendâ Heeihâ Elsa, tidlegare Elsa Aikio). Då ho var fire år gamal døydde faren og bestefaren i ei snøskuterulukke. Ho byrja på grunnskulen i Partakko i 1974 og fortsette skulegangen i Utsjok og Nuorgam. Då mor hennar gifta seg på nytt, flytte familien til Kuhmo, der Marja-Liisa avslutta skulelaupet. I 1992 gjekk ho ut frå Uleåborgs universitet med ein mastergrad i filosofi. Det same året flytte ho med ektemannen sin til Nederland.[1]

Olthuis har òg skrive fleire skjønnlitterære bøker og dikt. For barneboka Njobžâvääri pessijâšmarkkâneh vart ho utmerka med ei oppføring på æreslista til International Board on Books for Young People (IBBY).[2] I 2021 gav ho ut den fyrste enaresamiske science fiction-boka nokon sinne, Masa jo mánudáást.

I 2020 vart ho tildelt Linguapax International Award for det vellukka arbeidet sitt med å revitalisere det enaresamiske språket.[3]

Ho bur i Nederland saman med mannen sin og dei to døtrene deira. Dei pratar enaresamisk heime.[1]

Lingvistisk arbeid endre

Olthuis fullførte lisensiatgraden sin, ein grad mellom master og doktorgrad, i 2001. I 2007 forsvarte ho doktorgraden i enaresamisk språk på enaresamisk. Ho var den fyrste til å forsvare ein doktorgrad på enaresamisk.[4] I samarbeid med Uleåborgs universitet starta ho i 2009 opp eit eittårig intensivkurs i enaresamisk. Dette er ei vidareutdanning meint å gjennopplive språket, og rettar seg fyrst og fremst mot yrkesgrupper som har mykje kontakt med born og ungdom. Deltakarane vart nøye utvalde med tanke på behova til det samiske samfunnet. I laupet av to år vart prosjektet fullstendig finansiert av den finske staten, og deltakarane får betalt tilsvarande den løna dei hadde i det førre yrket sitt medan dei deltek. [3] Olthuis har skrive ei ordbok og ein grammatikk for å fremje det enaresamiske språket. Ho utviklar språkprogram som skal gjeva born og ungdom aktive språkkunnskapar. Interessene hennar omfattar dei samiske språka, finsk, språkrevitalisering, leksikologi, andre- og framandspråksopplæring og omsetjing.[5]

Utgjevingar i utval endre

Skjønnlitterære verk endre

  • 2006: Njobžâvääri pessijâšmarkkâneh (barnebok)
  • 2006: Njobžâvääri jonsahpeivkähteeh (barnebok)
  • 2021: Masa jo mánudáást (science fiction-roman)

Vitskaplege monografiar endre

Lærebøker og ordbøker endre

  • 2000: Kielâoppâ
  • 2005: Sämikielâ sänikirje säämi-suoma ja suomâ-säämi

Omsetjingar til enaresamisk endre

  • 1991: Sun ana mist huolâ
  • 1995: Evaƞgelium Matteus mield
  • 2003: Luándukirje

Prisar endre

  • 2008: Oppført på IBBY sin Honour list for Njobžâvääri pessijâšmarkkâneh
  • 2020: International Award tildelt av Linguapax

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Marja-Liisa Olthuis», www.samimuseum.fi (Sámi musea Siida & Anarâškielâ servi), 2006, henta 18. oktober 2022 
  2. «IBBY Honour list 2008», www.ibby.org, henta 18. oktober 2022 
  3. 3,0 3,1 Marja-Liisa Olthuis is the winner of the Linguapax International Award 2020 (på engelsk), Linguapax International, 21.02.2020, henta 18. oktober 2022 
  4. Katriina Kilpi (28. september 2007), «Doctoral thesis to be defended in Inari Sámi», web.archive.org (Eurolang, publisert 13. april 2007), arkivert frå originalen 28. september 2007, henta 18. oktober 2022 
  5. Olthuis, Marja-Liisa; Kivelä, Suvi; Skutnabb-Kangas, Tove (23. januar 2013), Revitalising Indigenous Languages (på engelsk), Multilingual Matters, ISBN 978-1-84769-889-6, doi:10.21832/9781847698896/html, henta 18. oktober 2022 

Bakgrunnsstoff endre