Marjorie Jackson-Nelson (fødd 13. september 1931) er ein australsk tidlegare friidrettsutøvar frå Coffs Harbour i New South Wales som vann to gullmedaljar under Sommar-OL 1952 i Helsinki. Ho var guvernør i South Australia frå 2001 til -07.

Marjorie Jackson

Statsborgarskap Australia
Fødd 13. september 1931 (92 år)
Coffs Harbour
Yrke friidrettsutøvar, sprintar, guvernør
Språk engelsk
Høgd 172 centimeter
Ektefelle Peter Nelson, Peter Nelson
Marjorie Jackson på Commons
Marjorie Jackson i januar 1952

Liv og gjerning endre

Jackson vann fire av tevlingane i British Empire Games 1950, høvesvis 100 og 220 yards, samt to stafettøvingar. To år etter stilte ho som favoritt foran då sommarleikane 1952 fann stad i Helsinki. Ho vann 100 meter-finalen på tangert verdsrekordtid, 10,5 sekundar. Dermed tok ho det fyrste australske friidrettgullet i eit OL sidan Edwin Flack vann både 800 meter og 1500 m i 1896 i Aten. Ho vann også gullmedaljen på 200 meter, ein distanse som stod på OL-programmet til kvinnene for fyrste gong, på personleg rekord 23,4 sekundar. Den 4. oktober 1952 sette Jackson ny verdsrekord på 100 meter med tida 11,4, ved eit stemne som fann stad i Gifu i Japan.

Ved British Empire Games 1954 vann Jackson-Nelson begge dei individuelle sprintdistansane på ny, og ho sprang sisteetappen for Australia sitt vinnarlag i 4 x 110 yards stafett. Ho la opp etter 1954-sesongen.

I 2001 vart Jackson-Nelson utnemnd til guvernør i delstaten South Australia, der ho bur, av dronning Elisabet av Australia. Ho trekte seg frå stillinga i august 2007.

Kjelder endre