Markørstyrke (engelsk: Opposing force, italiensk: Partito arancione) eller OPFOR er ei mindre militæreining som representerer fienden i treningssituasjonar og under militærøvingar. Hovudsakleg kan ein vanleg tropp utgjera markørstyrken under ei militærøving. Likevel har viktige militæravdelingar ofte spesialiserte grupper som utelukkande tenestegjer som OPFOR-markørar. Desse speler realistiske fiendar som bidreg til autentiske militærøvingar. Markørstyrkar vert gitt fiktive namn som liknar militære motpartar i den verkelege verda.

Amerikanske marineinfanteristar frå US Marines Corps nyttar ei sovjetisk panservogn som markørrolla på ei øving.

Nokre dedikerte markørstyrkar vil ofte strida med bruk av dei same stridsdrillane, utstyret og våpenet som fienden. Styrken kan bera uniform som er lik fienden sin uniform, eller ein annan som er skil seg ut. Køyretøya til markørstyrken er òg i visse tilfellar modifisert for å likna køyretøya til ein reell fiende. Dette er for å trena realistisk. Markørstyrkar kan òg ta rolla som sivile.[1] Markørar er òg i bruk under sanitetsøvingar, der markøren speler skada. Rolla som skada eller sivil går ofte på rundgang blant soldatane i ei avdelinga.

Som oftast under militærøvingar der personell utgjer ein markørstyrke, bruker mannskapa raudplast-ammunisjon. Dette er ammunisjon som ikkje skyt reelle patronar, men lagar ein relativt autentisk lyd. For å avgjera fall og såra på øvingar, vil kontrollørar og stridsdommarar stå ute i teig og fastslå dødsfall. Laser som er påmontert på geværløpet vil på fastslå dødsfall på begge sider på ein truverdig måte. Eit alternativ er å bruka paintballmarkørar eller liknande reelle skytevåpen. Uansett vil kontrollørar vera til stor hjelp når øvingssituasjonen er uoversiktleg og kaotisk. Dette gjeld spesielt viss granatar vert kasta eller eit maskingevær skyt.

Avdelingar endre

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. ««Øvelse Faryab 2011 / Exercise Faryab 2011»». Hæren, YouTube. Henta 17. februar 2015. 
  2. ««Andre avdelinger i Hæren»». Forsvaret. Henta 14. februar 2015.