Kampeskadronen
Kampeskadronen (KESK) er ein markørstyrke i Hæren. Kampeskadronen er ei underavdeling i Hærens taktiske treningssenter (HTTS). Kavaleriavdelinga har standkvarter på Rena i Østerdalen. Hovudoppgåva til eskadronen er markørteneste opp mot andre avdelingar i Hæren. Primæravdelingane som trener med KESK er Telemark bataljon, befalselevar og Forsvarets spesialkommando, som òg held til på Rena leir. I praksis er Kampeskadronen fienden (OPFOR) til profesjonelle avdelingar, som bidrar til realistisk krigføring.[1]
Kampeskadronen | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 2002 - 2018 | ||
Grein | Hæren | ||
Type | Eskadron | ||
Rolle | |||
Storleik | 150 soldatar | ||
Del av | Hærens taktiske treningssenter | ||
Garnison/HK | Rena | ||
Kallenamn | KESK | ||
Beretflash |
Soldatane trener på strid i urbant område (SIBO), strid i løpegravsystem, vognstrid, infanteristrid, sanitet og nærkamp.[2][3] Eskadronen er utstyrt som ein norsk mekanisert infanteribataljon, med stormpanservogner CV9030N, stridsvogner Leopard 2 og panservogner M113.
Avdelinga har to innrykk per år, i januar og om sommaren. Sommarrekruttar er primært fallskjermjegerkandidatar som har falt frå opptaket.[4][5] Etter fullført rekrutt, får dragonane den svarte bereten.
Organisasjon
endreEskadronsstab
endreStaben er leiinga i Kampeskadronen. I felt og under øvingar har det overordna ansvaret for plassering av troppar, samband og logistikk.
Stridsvogntropp 1
endreStridsvogntropp 1 er oppsatt på stridsvogn Leopard 2. Soldatane vert utdanna til å handtera stidsvogner i vognstrid, kolonnekøyring og taktisk køyring.
Mekanisert infanteritropp 3
endreMekanisert infanteritropp 3 (MEK3) Rolla til eskadronen er å støtta stridsvognene med stormpanservogner CV9030N med mekaniserte infanterilag. Troppen er i stand til å føra vognstrid.[6] Stormsoldaten held seg inne i stormpanservogna når troppen flyttar seg, og hoppar av til fots ved ordre. Stormsoldatane er utstyrt med HK416 semi-automatiske rifler, MINIMI lett maskingevær og FN MAG maskingevær.
Mekanisert infanteritropp 4
endreDenne troppen (MEK4) har den same rolla som MEK3. Soldatane i begge infanteritroppane kan òg utføra sjølvstendige oppdrag utan støtte frå stormpanservognene. Strid i løpegravsystem eller strid i urbant terreng (SIBO) er døme på dette. MEK3 og MEK4 kan samanliknast med ein stormeskadron i Panserbataljonen eller eit mekanisert infanterikompani i Telemark bataljon.
Stabstropp
endreStabstroppen er ein forsynings- og logistikktropp. Troppen bidreg med kampstøtte, og legg forholda til rette slik at tropp 1, 3 og 4 held ut i strid.
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ ««Andre avdelinger i Hæren»». Forsvaret. Henta 14. februar 2015.
- ↑ ««KESK MEK 3 2013 - Dimmefilm - Kontingent 0113»». YouTube. Henta 14. februar 2015.
- ↑ Hågbo, Trond-Ola (17. desember 2011), «Fotstrid fra dimmefilmen til Kampeskadronen kont. 0111», YouTube, henta 15. februar 2015
- ↑ Gukild, Emil (6. juli 2015), «Hærens tøffe soldatar», Forsvarets mediesenter, henta 3. januar 2016
- ↑ ««Oppmøtekalender»». Forsvarets mediesenter. Henta 14. februar 2015.
- ↑ Hågbo, Trond-Ola (2011), «CV9030N - vogndelen fra dimmefilmen til Kampeskadronen kont. 0111», Vimeo, henta 15. februar 2015