Markus Vangen

Norsk komikar

Markus Vangen (fødd 24. september 1995) er ein norsk stand-up-komikar og radioprogramleiar frå Oslo. Frå 1. januar 2022 er han tilsett i NRK si humor- og underhaldningssatsing på podkast.[1]

Markus Vangen

Fødd24. september 1995 (28 år)
FødestadTrondheim
Verka somkomikar, podkastvert, radioprogramleiar

Vangen studerte radio og lydproduksjon ved Danvik Folkehøgskole i 2014/15. Gjennom skulen fekk han praktikantopphald og seinare tilsetjing som programleiar i Radio Metro.[2] Der laga han mellom anna podkasten Ukast med Tarjei og Markus, som vart nominert i kategorien Årets Humor under Prix Radio 2016. Seinare vart Vangen nominert i kategorien Årets Unge Radioprofil under Prix Radio 2019 for arbeidet som programleiar i Radio Metro.[3]

Ved sida av radioarbeidet byrja Vangen å studera journalistikk ved Høgskolen i Oslo og Akershus hausten 2016. På same tid starta han å driva med stand-up-komedie, og heldt framsyningar ei rekke stader i Noreg. 10. oktober 2017 debuterte han på scena på Latter i Martin Lepperød og Henrik Farley sitt show Alt er lov.[4][5]

30. juli 2021 sette Vangen saman med Jesper Breen opp framsyninga Velkommen Tilbake som ein del av Oslo Humorfest.[6]

I mars 2021 forlét Vangen Radio Metro, og starta som podkastprodusent for NRK P3. Der produserte han mellom anna radioprogrammet Lekekassa og podkasten Berrum & Beyer snakker om greier[2]. Vinteren 2021/22 var Vangen vikarprogramleiar for ei rekke sendingar av P3morgen. I januar 2022 vart Vangen fast tilsett i NRK.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Weiberg-Aurdal, Jan Magnus (23. desember 2021). «NRK Underholdning og P3 ruster opp podkast-redaksjonen - ansetter disse fem» (på norsk bokmål). Henta 20. januar 2022. 
  2. 2,0 2,1 Lund, Tonje Grønning (15. september 2021). «Produsent i NRK P3 – Danvikåret var gøy og ekstremt lærerikt» (på norsk bokmål). Henta 20. januar 2022. 
  3. Lomeland, Pål (17. juni 2019). «Disse bidragene er videre til finalen i Prix Radio» (på norsk bokmål). Henta 20. januar 2022. 
  4. «Radioelev Markus er blitt stand-up-artist» (på norsk bokmål). 18. oktober 2016. Henta 20. januar 2022. 
  5. Janssen, Mina Ridder-Nielsen (18. oktober 2017). «HiOA-student på Latter» (på norsk bokmål). Henta 20. januar 2022. 
  6. «Markus Vangen og Jesper Breen ønsker dere alle velkommen tilbake, med sitt splitter nye humorsjåvv!» (på norsk bokmål). 23. juli 2021. Henta 20. januar 2022.