Marquesasøyane
Marquesasøyane er ei gruppe vulkanøyar i Stillehavet. Dei høyrer til Fransk Polynesia, eit fransk oversjøisk territorium.
Marquesasøyene Îles Marquises/Te Fenua ‘Enata/Te Henua Kenana | |||
øy | |||
|
|||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Region | Fransk Polynesia | ||
Del av | Polynesia | ||
Høgd | 1 230 m m | ||
Areal | 1 049 km² km² | ||
Folketal | 8 632[1] | ||
Marquesasøyane 9°00′S 139°30′W / 9°S 139.5°W | |||
Wikimedia Commons: Marquesas Islands |
I 2007 budde det 8 632 personar på den 1049 km² store øygruppa, fordelt på 15 øyar. Nuku Hiva er øya med flest innbyggjarar (2 260 personar).
Historie
endreMarquesasøyane blei først folkesett av polynesiarar ca. 100 år f.Kr. Dei kom truleg frå Samoa.
Øyane fekk namn etter den spanske utforskaren Álvaro de Mendaña de Neira, som kom til dei den 21. juli 1595. I 1842 gjennomførte Frankrike ein militæroperasjon der dei gjorde krav på alle øyane. Dei blei seinare ein del av Fransk Polynesia.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Marquesasøyene» frå Wikipedia på bokmål, den 6. mars 2015.
- ↑ (fr) «Recensement de la population 2007» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 3. desember 2007. Henta 2. desember 2007.
Denne geografiartikkelen som har med Frankrike å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.