Marrakech er ein by i Marokko. Det er den fjerde største byen i landet og frå gamal tid den andre hovudstaden. Byen ligg ved foten av Atlasfjella 465 moh. og med 823 150 innbyggjarar i 2004. Han er eit handelssenter for eit fruktbart irrigasjonsområde og eit monaleg turistsenter. Næringsmiddelindustri og kunsthandverk står sterkt. Byen har internasjonal lufthamn og frå 1978 eit universitet.

Marrakech
by
Land  Marokko
Del av Imperial cities of Morocco
Areal 230 km²
Folketal 966 987 (2020)[1]
Kart
Marrakech
31°37′46″N 7°58′52″W / 31.62947°N 7.98108°W / 31.62947; -7.98108
Wikimedia Commons: Marrakech

Den labyrintiske gamlebyen, som er ført opp på UNESCO si verdsarvliste, er omkransa av ein mur. Her ligg Koutoubia-moskeen (1184–98) med et 68 meter høgt tårn, citadellet, mausolea og sultanpalasset (frå 1200–1800-talet). Midtpunktet i gamlebyen er den fargerike marknadsplassen Djema el-Fna. Lenger vest ligg den meir moderne bydelen Guéliz, bygd ut etter 1913. I sør og aust finst oliven- og palmelundar.

Marrakech er ein av dei fire kongebyane i Marokko. Han vart grunnlagt i 1062 og var til slutten av 1200-talet hovudstad for almoravidane og almohadane. Deretter hadde byen ein nedgangstid fram til om lag 1520, då han vart hovudstad for saadiane og opplevde ny oppgangstid. 1912–56 var byen under kontroll av franskmennene. I 2018 vart Global Compact for Migration signert av fleire land i byen, i regi av United Nations.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.hcp.ma/region-marrakech/attachment/1361217/.