Den globale migrasjonspakta
Endrar Den globale migrasjonspakta er ein internasjonal avtale som er forhandla fram i regi av Dei sameinte nasjonane, som dekkjer alle aspekt av internasjonal migrasjon på ein holistisk og dekkande måte.[1] Konferansen til SN for å vedta avtalen vart avhalden i Marrakech i Marokko 10.–11. desember 2018.[2] Austerrike forhandla på vegner av EU.
Austerrike, Australia,[3] Bulgaria,[4] Kroatia,[5] Tsjekkia,[6] Estland,[7] Israel,[8] Ungarn og Polen[9] ville ikkje signere avtalen. Det har også vore motstand i det tyske parlamentet, ført av Alternativ for Tyskland.[10] Kanslaren i Austerrike, Sebastian Kurz, uttalte at avtalen ville redusere suvereniteten til landet og blande saman skilnaden mellom ulovleg og lovleg innvandring, såvel som mellom økonomisk og humanitær innvandring.[11] Noreg har signert avtalen, men regjeringsmedlemmer frå Frp tok ein symbolsk dissens. USA har ikkje delteke i forhandlingane om avtalen.
Referansar
endre- ↑ «Compact for migration» (på engelsk). 5. april 2017. Henta 5. juli 2019.
- ↑ «Compact for migration» (på engelsk). 5. april 2017. Henta 5. juli 2019.
- ↑ Remeikis, Amy; Doherty, Ben (25. juli 2018). «Dutton says Australia won't 'surrender our sovereignty' by signing UN migration deal». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077.
- ↑ Марков, Александър, «Цветан Цветанов: България няма да се присъединява към пакта за миграция на ООН», Новини БНТ (på bulgarsk), henta 7. juli 2019
- ↑ «Croatia Says It Won't Sign UN's Global Migration Pact», www.theepochtimes.com (på engelsk), 5. november 2018, henta 7. juli 2019
- ↑ «Czechs join other EU states rejecting U.N. migration pact». Reuters (på engelsk). 14. november 2018.
- ↑ «BREAKING: Estonia is the fifth EU nation leaving the UN migration pact - Prime Minister», Voice of Europe (på engelsk), 16. november 2018, arkivert frå originalen 17. november 2018, henta 7. juli 2019
- ↑ «Israel joins U.S. and European countries in pulling out of migration pact - Israel News - Jerusalem Post», www.jpost.com, henta 7. juli 2019
- ↑ «Ministerstwo Spraw Wewnętrznych i Administracji», Ministerstwo Spraw Wewnętrznych i Administracji (på polsk), henta 7. juli 2019
- ↑ Knight, Ben. «German parliament rows over UN Migration Compact».
- ↑ «Österreich zieht sich aus globalem UNO-Migrationspakt zurück». Austria Presse Agentur. Henta 31. oktober 2018.