2001 Mars Odyssey

(Omdirigert frå Mars Odyssey)

2001 Mars Odyssey er ein romsonde i bane rundt Mars. Oppdraget til sonden er å bruke spektrometre og kamera til å finna bevis på tidlegare vassrelatert og vulkansk aktivitet på Mars. Ein håpar at data frå Odyssey kan bidra til å svara på spørsmåla om liv nokon gong har eksistert på Mars, og om det eventuelt framleis kan eksistera. Sonden fungerer òg som ein relestasjon for kommunikasjonen mellom Mars-rovarane og Jorda. Prosjektet vart oppkalla etter filmen 2001: Ein romodysse, og peikar tilbake på forskjellane mellom filmen og den verkelege verda år 2001.

Kunstarisk framstilling av Mars Odyssey over Mars

Oddyssey vart skoten opp 7. april 2001 av ein Delta II rakett frå Cape Canaveral i Florida, og nådde Mars den 24. oktober 2001 02:30 universaltid. Fartøyets hovudrakett vart avfyrt for å redusera farten slik at det kunne gå inn i bane rundt Mars. Odyssey brukte ein teknikk kalla "aerobraking" som gradvis førte fartøyet nærare Mars for kvart krinslaup. Ved "aerobraking" nyttar ein seg av atmosfæren til å minske farten på romfartøyet, i staden for å avfyra rakettane; slik sparte Odyssey meir enn 200 kg drivstoff. "Aerobrakinga" enda i januar, og Odyssey byrja på på det vitskaplege kartleggjingsprosjektet den 19. februar 2002.