Spektrometer
Spektrometer er eit optisk instrument brukt for å analysera eigenskapane til elektromagnetiske spektrum, som lys. Ein måler ofte intensiteten til lyset, men kan også ta for seg til dømes polarisering.



Skildring Endra
Eit spektrometer har ofte ei spalte for å fokusera bølgjene som kjem inn. Bølgjene blir så spreidde av eit diffraksjonsgitter eller eit prisme.
Detektoren i spektrometeret kan vera følsam for temperatur, ein partikkelteljar eller ein fotomultiplikator. Ei spalte framfor detektoren kan anten flyttast forbi han eller saman med han langs spekteret. I eit magnetisk spektrometer vil som regel begge vera faste medan ein flytter spekteret ved hjelp av eit variabelt magnetfelt.
Bruk Endra
Spektroskop kan mellom anna brukast til å finna ut kva bølgjelengder lys frå ein viss kjelde inneheld, og gjennom dette slå fast kva stoff det er sendt frå. Spektroskopi kan dermed nyttast innan astronomi, til å studera stjerner, eller til å analysera ulike stoff i kjemi.
Kjelder Endra
- «spektrometer» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Spektrometer» frå Wikipedia på svensk, og «Spectroscope» frå Wikipedia på engelsk den 9. desember 2009.