Marshall Stream
Marshall Stream er ei elv av smeltevatn kring 11 km lang som flyt gjennom Marshall Valley frå Rivardbreen til Koettlitzbreen i Victoria Land. Elva vart observert av Troy L. Pewe, som var glasiolog med U.S. Navy Operasjon Deepfreeze i 1957-58. Namnet vart nytta av New Zealand Antarctic Place-Names Committee (NZ-APC) og Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) og er kalla opp etter plasseringa i Marshall Valley.
Marshall Stream | |||
elv | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Victoria Land | ||
- koordinatar | 78°4′S 164°18′E / 78.067°S 164.300°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Marshall Stream 78°04′00″S 164°19′01″E / 78.0667°S 164.317°E | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Marshall Stream» (innhald frå Geographic Names Information System).