Marte Olsbu Røiseland

(Omdirigert frå Marte Olsbu)

Marte Olsbu (fødd 7. desember 1990) er ein norsk skiskyttar frå Froland som vart verdsmeister i 4 x 6 km stafett og vann bronsemedalje i mixstafett under VM i skiskyting 2016 i Oslo. Ho er medlem av Froland Idrettslag.

Marte Olsbu Røiseland

Foto: Sandro Halank

Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. desember 1990 (33 år)
Arendal
Idrett skiskyting
Tok del i

VM i skiskyting 2019, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Sprint kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Sprint kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Fellesstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Fellesstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Normaldistanse kvinner

Utmerkingar

L'Équipe Champion of Champions, Fearnleys olympiske ærespris, Kongepokal, Kongepokal, Kongepokal

Olsbu debuterte i verdscupen i skiskyting i 2014-sesongen. Ho vart nummer sju på jaktstarten i Östersund 6. desember 2015, hennar beste plassering i verdscupen. Under VM i skiskyting 2016 i Oslo gjekk ho ein god opningsetappe for det norske laget som tok bronsen i mistafetten. Laget bestod elles av Tiril Eckhoff, Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø. Åtte dagar seinare gjekk ho Noregs lag i kvinnestafetten inn til VM-gull, etter at Synnøve Solemdal, Fanny Horn Birkeland og Tiril Eckhoff hadde sendt henne ut i leiing på den fjerde og siste etappen.

Olsbu vart norsk meister i 15 km normalprogram i 2014 og i 7,5 km sprint i 2015.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre