Opna hovudmenyen

Martin Gundersen

norsk politikar

Martin Gundersen (25. september 183517. juli 1886) var ein norsk gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Åsnes i Hedmark.

Martin Gundersen
Fødd 25. september 1835
Åsnes
Død

17. juli 1886

Yrke Lensmann, bonde, politikar

Gundersen var son til gardbrukarar i Åsnes. Sjølv vart han eigar av garden Keiserud i heimbygda, folketeljinga 1865 fortel at han i tillegg til sitt arbeid som gardbrukar var «Incassator og Regnskabsfører». I 1873 vart han også lensmann i Åsnes.

Allereie i 1855, 20 år gammal, vart Gundersen kasserar for Åsnes herad, og frå 1864 til -74 var han ordførar i Åsnes. Han var dessutan med i forlikskommisjonen i mange år, samt kasserar i den lakale sparebanken frå 1879.

Gundersen var fyrste varamann til Stortinget 1871-73 og møtte i 1872 frå 25. april, i staden for den dødssjuke Anders Reitan. I 1873-sesjonen var han på fast plass. Stortingsperioden 1874-76 møtte han som 2. representant for Hedemarkens amt. Heile tida var han medlem av konstitusjonskomiteen. Gundersen var elles medlem av skoglovskommisjonen av 1871.

Han døydde på garden sin i Åsnes i sitt 51. år.

KjelderEndra