Martin Levan
Martin Levan er ein britisk musikkprodusent og lydteknikar som i 1980- og 1990-åra styrte lyden for mange store musikalar i West End i London.
Karriere
endreLevan byrja karrieren som katinehjelp i Morgan Studios i London i 1971, og vart der etter kvart lydteknikar og produsent. Av album han arbeidde på finn ein John Martyn sitt Grace and Danger, Ralph McTell sitt Water of Dreams, debutalbumet til Iron Maiden, Neil Ardley sitt Kaleidoscope of Rainbows og Harmony of the Spheres, Collosseum II sitt Wardance, Andrew Lloyd Webber sitt Variations og Requiem, Gary Boyle sine The Dancer og Electric Glide og Barbara Thompson sitt Paraphernalia.
I 1982 hyrte Andrew Lloyd Webber han til å oversjå lyddesignet for den originale produksjonen av musikalen Song and Dance ved Palace Theatre i London. Dette sette i gang ein periode på over to tiår der han arbeidde med mange musikalar verda over, som Starlight Express, The Phantom of the Opera, Aspects of Love, Joseph and the Amazing Technicolor Dreamcoat i 191, Sunset Boulevard, Whistle Down the Wind, The Beautiful Game og internasjonale produksjonar av Cats.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Martin Levan» frå Wikipedia på engelsk, den 22. august 2016.